– Kommunikasjon, snakk saman. Mykje kan tilpassast og mange kan vera smidige, bare dei er førebudd.

Rein og tørr liggeplass gir rein og triveleg smågris. Kjetil erfarer at mykje spøne reduserer tilfeller av halebiting. - Smågrisen èt litt av spøna, noko som ser ut til å vera med og stabilisera magane, kommenterer smågrisprodusenten.

Rein og tørr liggeplass gir rein og triveleg smågris. Kjetil erfarer at mykje spøne reduserer tilfeller av halebiting. – Smågrisen èt litt av spøna, noko som ser ut til å vera med og stabilisera magane, kommenterer smågrisprodusenten.

 

Liv Kristin Sola

Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris hjå Nortura, nyttar alle høve til å minna om kor viktig det er med kommunikasjon mellom dei ulike produksjonsledda.

Me er i ferd med å slusa oss inn i grisehuset til Marianne og Kjetil Søyland, på Søyland i Gjesdal, smågrisprodusent Kjetil, slaktegrisprodusent Thore, rådgjevar Hilde Elin og underteikna frå Bondevennen. På med kjeledresser, støvlar, hanskar og munnbind. Her må ein ta alle førehandsreglar.

For å få til god økonomi og dyrevelferd i slaktegrisproduksjonen, er slaktegrisprodusentane blant anna avhengig av å få levert frisk og sunn smågris med potensiale til god tilvekst. Slik er det desverre ikkje alltid.

Hilde Elin forklarer at formidling av smågris mellom smågrisprodusentar og slaktegrisprodusentar er eit tilbod frå slakteriet, ikkje noko dei er forplikta til. For at samarbeidet mellom slakteriet og produsentane skal fungera, er det så utruleg viktig at partane snakkar saman, og at kjøpar og seljar har ei felles oppfatning av kva som er god kvalitet på smågrisen.

Kjetil leverer smågris til fire slaktegrisprodusentar. Alle som kjøper smågris frå Søylandsbonden, er folk dei kjenner privat.

– Det er ein stor fordel når folk kjenner kvarander privat. Då er dei ofte litt meir ansvarsbevisst med kva dei leverer frå seg, det er vår erfaring, seier Hilde Elin.

– Mykje kan gå godt bare me får beskjed, kommenterer Thore Håland, slaktegrisprodusent på Lomeland i Gjesdal.

  • Kjetil Søyland (t.v.) har smågrisproduksjon og sel smågris til fire slaktegrisprodusentar. Thore Håland er ein av desse.
Stikkord denne saka: