Når fjøset endeleg er klart, er det tid for fest. I Vats vart naboar og andre skodelystne invitert til feiring og høgtideleg opning.

Jane Brit Sande

Det var steikande sol, sommarklede og festhumør, grillen vart tend, lappetakka varm, og kaffikjelane hang over båla. Ramma for fjøsopning og open gard kunne ikkje vore betre for bøndene bak Sørvest Ku DA, Jakob og Borghild Eskeland og Jostein og Hege Sørhus, i Vats, Vindafjord kommune i Rogaland.

Vats Bondelag, Vindafjordbonden og Kulturveka i Vats stod saman om arrangementet.

Godt frammøte

Satsinga imponerer mange, og meir enn 300 skodelystne fann vegen til fjøset på Sørhus denne søndagen. Fjøsopninga var ein del av programmet på Kulturveka i Vats.

– Me likar ekstra godt at dei unge bøndene har gjort slik me seier i slagordet til Kulturveka: Sats på Vats, sa konferansier Jon Olav Velde då fjøset vart offisielt opna.

Det var ordførar Ole Johan Vierdal som tok seg av den høgtidelige snorklippinga, eller portopninga, som det vart i dette tilfellet.

– Landbruket i kommunen går gjennom eit generasjonsskifte. Eg er glad for å sjå at Jakob og Jostein satsar, sa ordføraren.

Fjøs med moglegheiter

Fjøset er stort og romsleg. Både velferdsavdeling og gjeldkuavdeling er på plass, mjølkeroboten er i sving, og det heilautomatiske fôringssystemet sviv fleire gonger til dagen. Der er rom for 55 mjølkekyr, men med dagens mjølkekvote på 320 tonn seier det seg sjølv at kyrne har god boltreplass

– Me skal opp til 440 tonn i kvote, og planen var å få resten av kvoten i land til 2017. Det står litt på vent, for kvoteprisane er så høge, fortel Jostein.

I tillegg til rom for meir enn 50 mjølkekyr, får kalvar og ungdyr plass langs den eine langsida i fjøset. Fleire gardar står på rekke, totalt får bøndene plass til 70 i desse gardane. Dei yngste kalvane har plass utføre, førebels i kalvahytter.

– Me har begge god erfaring med kalvahytter frå før, og derfor held me fram med det. Me vurderer iglo etter kvart, men enn så lenge er det hyttene me nyttar, kommenterer bonden.

For gjødsla har bøndene velt kanalomrøyring, med tre til fire månaders lagring. Fjøset har naturleg ventilasjon, heilautomatisk fôring, og mjølkerobot.

Stikkord denne saka: ,