Fin spælsau

Spanande tider: Søknadsprosessen er godt i gang. «Spælsau frå Setesdal» må oppfylle kriterier for historie, særpreg og tradisjon. Dersom desse krava blir innfridd, vil altså «Spælsau frå Setesdalen» bli den tredje i Norge med sau som har beskytta geografisk nemning, og den første merkevaren med beskytta nemning på Sørlandet.

Dersom godkjenninga frå Mattilsynet går i orden, vil «Spælsau frå Setesdalen» bli Sørlandets første merkevare med beskytta nemning.

Jane Brit Sande

«Spælsau frå Setesdal» må oppfylle kriterier for historie, særpreg og tradisjon. Dersom desse krava blir innfridd, vil altså «Spælsau frå Setesdal» bli den tredje i Norge med sau som har beskytta geografisk nemning, og kjem i selskap med «Lofotlam» og «Høgfjellslam fra Nord-Gudbrandsdal».

– Det skjer mykje bra i Setesdal, det er mange nye som startar opp, og det er fleire som satsar på spælsau. Sånn totalt sett har det skjedd ein renessanse på sau i Setesdal. Talet på sau var synkande ein periode, men no er det verkeleg på vei opp igjen, seier ein entusiastisk Øyvind Nese, prosjektleiar i Smaken av Setesdal, til Bondevennen.

Meir i BV2, fredag 13. januar

Stikkord denne saka: