Med krum nakke har han kjempa for eiga matjord. No har Ingve Berntsen fått trua på felles løysingar framfor kamp.

 

Jofrid Åsland

Bonden, Ingve Berntsen, trur ein felles ny horisont framfor harde forntar kan spare matjord. Dialog mellom interessegruppene i jærlandskapet har vekka optimismen.

Bonden, Ingve Berntsen, trur ein felles ny horisont framfor harde forntar kan spare matjord. Dialog mellom interessegruppene i jærlandskapet har vekka optimismen.

 

Då han opna avisa, og las at garden hans på Gausland i Nærbø var tenkt som utbyggingsområde, fekk han hakeslepp. Same dag troppa han opp på ordførarens kontor, men vart ikkje rolegare til sinns. Etterkvart såg han engasjement frå ei samla næring og underskriftskampanje som einaste utveg. Slik fekk bonden sjå eige fjes i avisa både titt og ofte, men slik fekk han óg behalde garden og framtidsdraumen om å drive gard. Det var i 2009 at Ingve Berntsen vart brennande engasjert i jordvern.

– Dersom eg skal kome med eit råd når det gjeld jordvern må det vere; stå saman og stå sterkt, rådar han.

Denne karen har erfart at det nytter å kjempe for matjorda. Berntsen vil gjerne ha eit sterkare vern om matjorda. Han ser at jordlova gir rom for alt for mykje nedbygging av matjord. Bonden har skrive bacheloroppgåve om utfordringar og moglegheiter ved bynært landbruk. I samtalar med bønder som er truga av nedbygging har han sett depresjon og sviktande pågangsmot.

– Eg forstår godt at bønder som har gard tett på byen ikkje finn motivasjon til å utvikle bedrifta. Kvifor skal dei satse for 20-30 år fram i tid, dersom garden forsvinn innan ti år?

 

Ny horisont

Med ope sinn vart Berntsen med i Jærsmiå. Gjennom dialoggruppa har han møtt aktørar frå alle lag med interesser i det jærske landskapet. Utbyggarar, bønder, politikarar og friluftsorganisasjonar er mellom anna representert for å smi tankar.

– Jærsmiå er uhyre interessant, spanande og utfordrande, skildrar bonden.

Han trur opplegget er unikt, og har fått ny tru på at det er mogleg å stoppe nedbygging av jærsk matjord.

– Dersom alle sit i kvart sitt møterom og kjem fram til kvar sine løysingar vert det ein kamp om å få gjennom sine saker. Då vert det den som skaper mest leven som vinn fram, seier Berntsen.

Han har fått kunnskap om felles dialog og forståing gjennom Jærsmiå. No kan han sjå debatten om jordvern frå utbyggars side.

– Slik det har vore er alle taparar. Alle må ha areal, og ingen får nok, innser bonden.

Gjennom dialogprosjektet har han mellom anna fått endå sterkare tru på utbygging på fjell.

– Saman kan me finne ein felles horisont til det beste for alle.

 

Ein lang veg

Heile livet har landbruket vore draumen. Som liten gut bad han om tre ting kvar kveld: ein hund, ein katt og ein gard. Berntsen er svært nøgd med at draumen vart verkeleg. I dag har han 67 ammekyr på garden, og totalt 166 storfe.

– Eg er nøgd med at jordvern har fått større fokus, men me har framleis ein lang veg å gå. Målet er ein nullvisjon, seier bonden.

Statens landbruksforvalting kom i juni med ei oversikt over kor mykje matjord kvar kommune omdisponerer. Statistikken syner at nokon få kommunar står for ein stor del av omdisponeringa. Flesteparten av kommunane ligg i område som er godt egna for jordbruk. Nokon av kommunane har dei mest verdifulle jordressursane i Noreg. Blant kommunane som omdisponerer mest er by- eller bynære kommunar. Desse har stort arealpress og større samferdselprosjekt under planlegging.

– Dette er smertefulle tal. Sjølv om kommunane omdisponerer mindre enn før er tala for høge, meiner Berntsen.

Stikkord denne saka: