Bilde fra hønshus

Går godt: F.v. Pål Ånund Tveiten, svigerfaren hans, Nils B. Undheim, og Christoffer Singstad har hendene fulle med produksjon av verpehøns og egg. Foto: Eirik Halvorsen

Soga om høna og egget på Litla-Undheim starta i 1948. Etter store inve­steringar produserer Børge Undheim AS no verpehøns for millionar årleg.


Bothild Å. Nordsletten

– Fjørfesektoren står for 40 prosent av den totale animaliske produksjonen i Noreg. Mange er ikkje klar over omfanget av den norske fjørfenæringa, seier Christoffer Singstad.
Han står saman med Pål Ånund Tveiten blant dataskjermar og papir på kontoret. Bestemte høner stirer ned på dei frå opplysingsplakatar på veggen. Gjennom vindauge har dei to oversyn over nokre av dei 18 driftshusa på garden. Me er inst i den vesle bygda Litla-Undheim i Time kommune på Jæren. Garborg og Veslemøy sitt rike ruvar berre eit eggekast bak bruket.

Rogaland nr.1

I Noreg er det totalt 3,5 millionar verpehøner i produksjon. Alle er fødde i Time kommune i Rogaland. Éin million av dei kjem frå rugeriet på Litla Undheim. Børge Undheim AS  samarbeider med Arne og  Andreas Salte om verksemda, somt utgjer 30 prosent av den norske hønekyllingproduksjonen. Tveiten og Singstad eig AS’et i saman med Hanna Tveiten, kona til Pål, dotter på garden og barnebarnet til grunnleggaren Børge. Faren hennar, Nils B. Undheim, er med i drifta, men eig ikkje. Han køyrer mellom anna lastebilen som leverer verpehønene til eggprodusentar over heile Sør-Noreg.
Børge Undheim AS har til saman 14 tilsette. Ein av dei, Paul Aarrestad, har arbeidd der i heile 50 år. Omsettinga er på i underkant av 30 millionar i året.
– Veksten har vore jamn og god dei siste ti åra, seier Pål nøgd.

Oppgraderte

Pål og Hanna overtok garden 1.1.2011. Dei innsåg snart at det måtte større investeringar til for å rusta produksjonen for framtida. Pål hadde bakgrunn i byggebransjen, det kom godt med. Sidan 2008 har dei investert 25 millionar kroner på oppgraderingar.
– Innsatsen frå svigerfar Nils var også uunnverleg, understreker Pål.
– Anlegget er totalt forandra, no driv me topp moderne kyllingoppdrett, skyt Christoffer inn.
To av bygga på garden husar foreldredyr, 11 hus er reservert oppdrett av kyllingar frå 0-16 veker og i eit av bygga føregår konsumeggproduksjon.

Høgt og lågt: To tredelar av bygga til Børge Undheim AS er tilrettelagt for produksjon av frittgåande verpehøns. Resten av bygga har miljøinnreiing. Foto: Eirik Halvorsen

Lang prosess

Gangen i produksjonen er som følgjer: Éin gong i året importerer Nor-Chick, som er det selskapet Børge Undheim AS eig saman med Arne og Andreas Salte, 1400 daggamle, reine avlsdyr av rasen Dekalb frå Nederland. Desse blir plassert på ein karantenestasjon i Sirdal til dei er 16 veker. Dinest blir dei flytta til Sola kor dei lever inntil slakt ved om lag 60 veker.
Egga frå desse såkalla besteforeldredyra blir henta til Litla-Undheim. Kyllingane blir i sin tur til foreldra til dei verpehønsa som garden sel. Egga ligg på rugeriet i tre veker før dei tre dagar før klekking blir plassert i klekkemaskin. Flytting av egga føregår manuelt.
– Dei tilsette kan sakene sine. Me har gode klekkeresultat og høg kyllingkvalitet i rugeriet, forsikrar Pål.
80 prosent av verpehønsa blir selde ved 16 veker. Det er om lag to veker før dei sjølve byrjar å legga egg. 20 prosent blir selde daggamle til produsentar som sjølve fôrar dei opp til verpeklar alder. Det tar halvanna år frå besteforeldredyra kjem til landet før verpehønene er i full produksjon hjå norske eggprodusentar.

Store tal

Resultata er svimlande. Av dei 1400 nederlandske innvandrarane blir det over éin million verpehøns, som på eit år legg til saman over 350 millionar egg.
– Me er godt nøgde med siste års utvikling på Litla-Undheim, slår Christoffer fast.
– Men me merkar etterverknadar av overproduksjonen ennå. Framlegget til ny landbruksmelding skaper også usikkerheit for heile bransjen.
Børge Undheim AS er Felleskjøpet sin største kraftfôrkunde. Ei kvar endring i fôrprisen merkast.
– Kraftfôrprisen har gått opp, medan prisen på egg har gått ned. Prisen på ei unghøne er likevel relativt stabil. Overproduksjonen har spela over på oss sidan det vart eit problem i 2013. Siste året har det heldigvis stabilisert seg, forklarar Christoffer.

Store endringar

Det har skjedd store forandringar i norsk eggeproduksjon dei siste ti åra. I følgje Christoffer er endringane sannsynlegvis ikkje over ennå.
– Om det skulle koma krav om all produksjon i frittgåande system vil det treffa Rogaland hardt ettersom ein stor del av bygga her er miljøinnreiing, seier han. Økologisk produksjon er og forventa å auka.
To tredelar av bygga til Børge Undheim AS er tilrettelagt for produksjon av frittgåande verpehøns. – Det er viktig at høns som skal produsera egg som frittgåande har vant seg til det å bevege seg og flakse frå starten av, forklarer Christoffer.
Resten av bygga har miljøinnreiing, noko som tyder at hønene har tilgang til vagle, strøbad og reir, og at gruppestorleiken vanlegvis er på sju eller ni høner. I tillegg produserer føretaket også verpehøns til økologisk eggeproduksjon.

 

Stø hand: – Me har gode klekkeresultat, seier Christoffer Singstad. Rugeriet er oppgradert til topp moderne nivå. Foto: Eirik Halvorsen

Strenge smittetiltak

Avl av hybride hønerasar føregår i regi av store utanlandske avlsselskap. I Noreg har det ikkje vore eigen avl sidan 1990-talet.
Eldstemann på bruket, Nils B., stadfestar dei store endringane han har opplevd under eit heilt liv i bransjen.
– Den største endringa i produksjonen var innføringa av utanlandske rasar etter at den norske rasen me brukte var mykje plaga med fenomenet hønselamming.
Historiane om smitte og sjukdom på kontinentet er noko dei yngre eigarane tek på alvor. Bondevennen kan ikkje koma inn i produksjonslokala og alle dørar er merkte med KSL-klistremerke, ein indikasjon på gode interne rutinar.
– Produksjonen av egg og slaktekylling har kome lengst av alle husdyrhald i seleksjon. Det er klart me er sårbare om sjukdom skulle rame rasen me nyttar, innrømmer Pål.

Sunn konkurranse

Det er berre to kommersielle rasar av verpehøner i Noreg. Tilbydaren av den andre rasen, Lohman, er Steinsland & CO, litt lengre vest i same kommune.
– Visst konkurrerer me, men det er bra at det finns to verdikjedar i denne næringa, slår Christoffer fast, og utdjupar:
– Me er både opptatt av næringa sitt beste, har god dialog og hjelper kvarandre ved behov. Skulle fagfolk bli sjuke, låner me folk av kvarandre. Dersom me manglar rugeegg, kjøper me av kvarandre, forklarar han. Det inneber ein tryggleik for forbrukaren og for matvaretryggleiken at det er to aktørar i bransjen. Me pushar kvarandre – og eggprodusentane får levert gode unghøner til ein konkurransedyktig pris.

Småskala i Noreg

Pål og Christoffer har hendene fulle med produksjonen, men har rukke å merka seg framlegget til ny landbruksmelding. Dei skryt ikkje.
– Me ser meldinga som eit åtak på målsettinga om jordbruk i heile landet, seier Christoffer.
Dei to er også forundra over folk som hiv seg på internasjonale mattrendar, men som ikkje forstår at norsk landbruk er eit avvik i internasjonal samanheng.
– I USA er ein gard med under 50.000 høns eit hobbybruk, illustrerer Christoffer.
– Ingen i Noreg er i nærleiken av å vera så store. Her er det berre ei handfull produsentar med 30.000 høns. Dei fleste har så vidt i overkant av 7000. Dette viser at landbruk i Noreg er ei småskalagreie. Det er viktig å få fram dette, slik at me får betalt for den meirverdien dette inneber, i form av god dyrevelferd, helse og lite medisinering.

Ser framover

Rugeriet på Litla-Undheim er snart 70 år. Kva er planane for framtida – kor er Børge Undheim AS om ti år?
– Her, seier Christoffer kontant og ler.
– Me ynskjer å utvida moglegheita for trygge arbeidsplassar på Litla-Undheim, legg Pål til.
– Og me ynskjer å vera ein solid aktør i næringa, også i framtida.

 

Driv stort: Rugeriet på Litla-Undheim ligg ved inngangen til diktaren Garborg sitt heiarike. Foto: Eirik Halvorsen

Stikkord denne saka: