BN+

Store moglegheiter: Det er berre å produsere det ku og bonde er god for i 2021. Truleg vil det store behovet for mjølk halde seg også i 2022, seier Jo Helge Sunde i Tine. 


Auka forholdstal, meir feitt, meir sommarmjølk – og redusert omsetningsavgift. – Det er pengar å tene for dei som ser moglegheiter og kan produsere opp mot kvoten i år, seier Jo Helge Sunde i Tine.


Liv Kristin Sola


I fjor leverte norske mjølkebønder nærare 1500 millionar liter mjølk. 1400 millionar frå Tine og knappe 100 millionar frå Q-meieriene.


– Neste år bør produksjonen auke med ytterlegare 60-70 millionar totalt, seier Jo Helge Sunde, rådgivar i Tine og prosjektleiar for storfeprosjektet i Vestland.


– Vi treng ei høgare kvotefylling og betydeleg meir mjølk enn i fjor. Men i motsetning til i fjor, vart det høge forholdstalet varsla tidleg. Eg er imponert over mjølkebøndene, med tre prosent lågare kutal klarte dei til slutt å produsere meir mjølk i 2020 enn i 2019, seier Sunde.

10.000 færre kyr

For eit godt år sidan gjekk mjølkeproduksjonen mot ei storstilt nedskalering. Talet på mjølkekyr vart redusert med tre prosent frå 2019 til 2020, ifølgje Sunde. Dei to siste åra har det blitt 10.000 færre mjølkekyr i norske fjøs. Reduksjonen var størst i Vestland fylke, med seks prosent færre kyr i 2020 samanlikna med året før. Så kom pandemien.


– Mjølkebehovet har auka mykje meir enn ein såg føre seg for berre eit år sidan. Årsakene er korona i kombinasjon med fjorårets statlege utkjøp av 35 millionar liter, seier Sunde, og går langt i å spå at det vil bli stort behov for mjølk også i 2022.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,