Ser framover: Sauebonde Bodhild Fjelltveit ser fram til å sette klimatiltak i system og bidra til landbrukets klimakutt. Arkivfoto: Sjur Håland

Landbruket har fått sin klimaplan. No skal den rullast ut og engasjere bønder over det ganske land. – Vi må sjå på planen som noko positiv, som er til nytte for oss bønder, seier Bodhild Fjelltveit, styremedlem i Norges Bondelag.

Liv Kristin Sola

Som ei av dei første næringane her til lands inngjekk Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag ein intensjonsavtale med regjeringa om å redusere klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Målet avtalen er å redusere klimagassutsleppa frå landbruket med fem millionar CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Klimaavtalen vart signert i juni i fjor. I starten av april i år kom Landbrukets klimaplan. Ein plan der næringa presenterer tiltak for å nå klimamåla som er skissert i klimaavtalen.

Åtte vegar til målet

Planen er delt i åtte fagområder som i ulik grad skal bidra å redusere klimagassutslepp frå jordbruket fram mot 2030. I planen blir det slått fast at omstillinga mot eit redusert klimaavtrykk skal skje utan å gå på akkord med bruk av matjorda, god dyrevelferd og ei dyrehelse i verdsklasse.

– Med denne planen viser vi at det er mogleg å oppnå jordbrukets klimaforpliktingar utan å redusere bruken av norsk matjord, utan å svekke busetting i distrikta, eller redusere tal på kyr, sau og geiter på norske beiter, skriv bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, i ein kronikk i Nationen 3. april.

Sett opp mot Klimakur 2030 er dette viktig. Men mange av dei skisserte tiltaka er svært langsiktige. Mange er svært kostbare. Og enkelte tiltak er enda ikkje «funne opp». Karbondbinding er til dømes berekna til å stå for om lag ein fjerdedel av reduksjonen. Her er forskinga så vidt i gang. Landbruket har dårleg tid.

– Meiner Bondelaget det er realistisk å nå ei slik ambisiøs målsetting i løpet av ti år?

 Klimaplanens åtte punkt

  1. Klimakalkulatoren
    Alle bønder skal ta i bruk klimakalkulatoren og få klimarådgiving innan 2025.
  2. Fôring, avl og helse
    Betre grovfôrkvalitet, målretta avlsarbeid og friskare dyr.
  3. Fossilfri maskinpark
  4. Fossilfri oppvarming
  5. Betre bruk av gjødsla og god agronomi
  6. Husdyrgjødsel og biogassanlegg
  7. Jorda som karbonlager
    Bruk av fangvekstar, biokull og beiting for å ta karbon ut av atmosfæren og lagre det i plantebiomasse i jord.
  8. Ny klimateknologi

– Ja, ei samla næring har vedteke planen. Vi meiner alvor, seier Bodhild Fjelltveit, styremedlem i Norges Bondelag.

Midt i den travlaste lammingsveka heime på garden Kvilhaug, sør for Bergen, med tre barn i heimeskule og digitalt styremøte i Bondelaget, tar ho seg tid til ein prat med Bondevennen.

Kven skal betale?

– Planen inneheld mange svært kostbare tiltak. Kjem pengane?

– Landbruket verken kan eller skal klare dette åleine. For Bondelaget blir det viktig å sjå til at kostanden ikkje hamnar hjå bonden, seier Fjelltveit.

Ho minner om at Bondelaget lenge har jobba for å etablere eit klimafond slik at enkeltbønder skal bli i betre stand til å planlegge og finansiere klimatiltak på eige bruk.

– Skal vi lukkast med klimaplanen må vi ha gulrot framfor pisk. Det er økonomien som styrer dei vala vi tek i kvardagen.

Korleis sikre framdrift?

– Klimaplanen har ingen delmål, såkalla flytskjema, eller forpliktande ansvarsforedling. Korleis kan de ha så ambisiøse mål på så kort tid, utan ein konkret strategi eller framdriftsplan?

– Klimaplanen er eit dynamisk dokument som skal vurderast og justerast av partane ein gong i året. Blir det nødvendig kan vi sette slike mål undervegs, seier Fjelltveit.

Ho minner om at arbeidet er heilt i startfasen og at ting må gå seg til. Fjelltveit er ikkje samd i at planen er uforpliktande, men at forpliktingane er knytt til klimaavtalen som ligg til grunn for klimaplanen.

– Den avtalen må vi levere på, seier ho.

Til for bonden

Landbrukets klimaplan er eit dokument på godt 40 sider, inkludert flotte illustrasjonar, vel å merke. No skal den rullast ut og engasjere bønder over det ganske land. Målet er at planen skal omfatte alle landets bønder, uavhengig av produksjon og storleik.

– Korleis skal de nå fram til grasrota?

– Dette har vi diskutert gjennom heile prosessen. Det blir ei utfordring, men vi meiner planen inneheld konkrete tiltak som gjer den aktuell for den enkelte bonde, seier Fjelltveit.

– Korleis kan de måle resultat?

– Delvis ved hjelp av klimakalkulatoren. Den skal bli tilgjengeleg for alle innan 2025 og vil truleg bli eit bransjekrav.

Fjelltveit trur at aktiv og god rådgiving rundt klimatiltak på gardsnivå blir nøkkelen for å engasjere bøndene.

Meir grovfôr

– Eit konkret mål er betre grovfôrkvalitet. Grovfôr 2020 viste at alle bønder har eit forbetringspotensial i grovfôrdyrkinga. Det har vi eigentleg visst i 30 år, men lite skjer. Korleis skal vi klare det no? Er Bondelaget interessert i å endre på arealtilskot for å oppnå betre agronomi og dermed også få ein klimaeffekt?

– At det løner seg å vere ein god agronom må vere målet vårt. Vi må våge å stimulere til betre agronomi, men i eit jordbruksoppgjer er det mange omsyn som skal vurderast når det gjeld innretninga av verkemidla, seier Fjelltveit. God drift av jorda, høge avlingar og målretta bruk av husdyrgjødsla er gode klimatiltak. Og det heng tett saman med gjødselvareforskrifta.

– Vil det bli naudsynt med auka krav til dokumentasjon framover?

– Det kan eg ikkje svare ja eller nei på, seier Fjelltveit, og vedgår at slike krav er utfordrande.

– Den kjende bondelagsspagaten?

– Tja, vi kan aldri gjere alle til lags, men kan hende nærmar vi oss eit punkt kor vi blir nøydd til å sette foten i bakken og ta nokre val og justeringar. Og krav til dokumentasjon er omfattande generelt i næringslivet. Her er ikkje jordbruket verre stilt enn andre næringar, heller tvert imot, trur ho.

Nyttig for bonden

– Kva blir den største utfordringa med klimaplanen?

– Å få med alle. Vi kan forske oss til mykje, men skal vi kome i mål med klimaplanen må vi bønder engasjere oss på eige bruk, seier Fjelltveit.

No skal Bondelaget konkretisere planen gjennom eigne fylkesplanar og tilpassing på regionalt og lokalt nivå. Fjelltveit håper landbruket gjennom arbeidet med planen kan riste av seg noko av det negative stemplet ho opplever næringa har fått i klimasamanheng.

– Bønder flest er ikkje negative til ein klimaplan. Vi må sjå på planen noko positiv som er nyttig for oss bønder på mange måtar, seier Fjelltveit.

Kjersti Hoff: Vi må kome i gang

– Vi må ikkje gløyme at det er klimautfordringane vi prøver å stoppe. Vi må kome i gang og begynne å telje ned, for det haster, seier Kjersti Hoff, leiar av Norges Bonde- og Småbrukarlag (NBS).

Ho meiner Landbrukets klimaplan er eit godt utgangspunkt for å redusere klimagassutslepp frå landbruket. Samstundes er det kjent at NBS og Hoff gjerne skulle hatt med fleire tiltak. Blant anna for å sikre at ein ikkje ekskluderer tiltak som i ettertid viser seg å vere effektive.

– Vi veit ikkje kva som vil vise seg å bli dei beste tiltaka framover. Vi treng meir kunnskap om effekten av ulike tiltak, spesielt gjeld det karbonbinding i jord, seier Hoff. Urealistisk målsetting Sjølv med ein god plan, meiner Hoff at Bondelaget overdriv kva som er mogleg å få til i eit tiårs perspektiv.

– Går inn vi inn i planen, ser vi at rundt halvparten av tiltaka manglar kunnskap og forsking, eller at tiltaket ikkje vert teljande i rekneskapen, seier Hoff.

– Kva er eit realistisk mål?

– Vi må gjere det vi kan og strekke oss mot fem millionar tonn. Vi må komme i gang med tiltak som verkar raskt og ikkje vente på kva teknikken kan løyse i framtida. I tillegg må vi minne staten på deira ansvar i avtalen; redusert matsvinn og eit balansert kosthald. Det vil også bidra betydeleg, seier Hoff.

Ho meiner det er viktigare at vi produserer den maten vi treng her til lands, samstundes som vi er på god veg til å gjere landbruket meir klimariktig, enn at vi importerer mat og skyv klimabelastninga over på andre.

– Om det betyr at det tek lengre tid å nå måla, så er det til å leve med, seier Hoff. Begynn med det enklaste Hoff vil starte med tiltak som enkelt kan gjennomførast med det same:

  • Meir kløver i enga for å redusere Ngjødslinga.
  • Oppretthalde balansen mellom ammeku og mjølkeku. Og produsere mest mogleg kjøt på mjølkebruket.
  • Avl og dyrehelse
  • God agronomi og godt grovfôr.
  • Fossifri oppvarming og maskinpark, med innfasing av biodiesel så raskt som mulig. Men det vil koste.

Hoff ønsker å vri tilskota meir over på korleis vi produserer maten, meir enn mengde mat, og jobbe for god balanse mellom produksjon og biologiske mangfald.

Stikkord denne saka: