BN+

Overproduksjon: Erik T. Ravndal meiner purketalet må ned for å få bukt med overproduksjonen av smågris.


Alt for mange smågris i marknaden skapar hovudbry og uro i svinenæringa. Slaktegrisprodusent Erik T. Ravndal frå Ravndal i Gjesdal, oppmodar dei som kan om å kjøpa smågris.


Sjur Håland


Men å løysa ein akutt situasjon med 3.000 smågris som det ikkje finns kjøparar til akkurat no, hjelper lite på lenger sikt, understrekar bonden. Ravndal meiner det er smågrisprodusentane som sit med nøkkelen til løysing på problema.


– Me har for mykje gris i det heile og må få fleire purker ut av produksjon. Vidare meiner eg at sidan prognosane tyder på overskot i 2020, og at det ikkje er økonomi som stimulerer til nyetableringar, må snart ei utviding av konsesjonen på slaktegris frå 2.100 til 2.400 eller 2.500 griser vurderast, seier han.

Kjøp gris nå

I ein kort periode, veke 46 og 47, sette Nortura ned smågrisprisen med 150 kroner for å stimulera handelen. Ravndal oppmodar slaktegrisprodusentar som har plass og rom innafor konsesjonen til å hiva seg rundt og handla gris for å avhjelpe situasjonen.


– Kva med dei som har tome hus?


– Ta kontakt med Nortura og kjøp inn gris nå. Ekstra attraktivt blir det om ein kan få kjøpt smågris til redusert pris.


Når Bondevennen kjem på besøk til Ravndal, har nett ei pulje med 240 smågriser funne plass i reine og nystrødde bingar. Her skal slaktegrisene leva gode og glade dagar fram til dei er slaktemogne. Om det er idyll i bingane på Ravndal, speglar ikkje det situasjonen i svinenæringa.


– Situasjonen er smertefull. Eg har medkjensle med smågrisprodusentane som må slakta gris på 40-50 kilo. Slik kan me ikkje ha det, slår han fast.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,