Debatt: Diskuterer svinenæringa si framtid på Gris i 19. Frå venstre: Lars Petter Bartnes, Norges Bondelag, Ole Nikolai Skulberg, Totalmarked kjøtt og egg, Karin Røhne, Nortura, og Terje Wester, Fatland.

Handlingslamming og apati, eller berre små skjær i sjøen før norske svineprodusentar kan fossa vidare på medgangsbølgjer? Gris i 19 leita etter svara som ingen har.

Sjur Håland

Det er kring 2000 svineprodusentar i Norge. 345 av desse var på Gris i 19 førre veke. På kongressen, som blir arrangert kvart tredje år, var det til saman 460 deltakarar. For tre år sidan var talet 560. Det speglar utviklinga i norsk svineproduksjon. Talet på svinebønder er på veg nedover. I følgje styremedlem i Norsvin, Per Inge Egeland, er det omkring 100 smågrisprodusentar og like mange slaktegrisprodusentar som har kasta inn handkledet i tidsrommet mellom første oktober 2018 og første oktober 2019. Produksjonen av smågris er likevel for høg.

Har stagnert

– I 2015 og 2016 var det godt å driva med gris. Nå har det stagnert, sa ein av bøndene Bondevennen snakka med på gangen før møtestart.

Bonden beskreiv vedlikehaldsbehovet dei som bygde for 15-20 år sidan no står oppe i.

– Lønsemda er for låg til å finansiera ei oppfiksing. Alternativet er å leasa ny innreiing og håpa det lagar seg med pengar på kontoen, sa han.

Arrangørane av Gris i 19 er Nortura, Norsvin og Felleskjøpet.

– Eg kan ikkje hugsa at me som steller med gris har hatt meir turbulente dagar, med fleire ting som har kome oppå kvarandre. Til tider har situasjonen vore kaotisk, sa Per Inge Egeland, då han opna konferansen.

Deretter gjekk ein økologisk svinebonde på scenen og song You raise me up.

For mykje smågris

Bakteppet for Gris i 19 handlar om ein svinemarknad i ubalanse med redusert lønsemd gjennom fleire år, som ein av konsekvensane. Næringa har fått kritikk for manglande dyrevelferd. Nye forbrukartrendar med, i beste fall, stagnert kjøtforbruk som konsekvens, avgrensar sterkt moglegheitene for volumvekst i marknaden. Produksjonen er monaleg effektivisert. Effektive produksjonsregulerande tiltak har derimot synt seg vanskeleg å gjennomføra. Det er for tida alt for mange purker (1.500) som produserer alt for mange smågris. På toppen av det heile blir ventilen gjennom subsidiert eksport av svinekjøt fjerna frå neste år. Det som står att av eksportkvote innan den tid, er alt på fryselager.

– Kvar einaste svinekotelett som blir produsert nå og framover, må i praksis etast i den norske marknaden, understreka Ole Nikolai Skulberg, direktør i Nortura Totalmarked, på kongressen.

Skal grisen ut?

Bakom det heile undrar svineprodusentane på kva som kjem av krav frå dyrevernorganisasjonar, forbrukarar og matkjeder i månadane som kjem. Skal grisen ut or husa, er eitt av mange spørsmål som faktisk no blir stilt. Det er eit spørsmål som var utenkeleg å i det heile fantasera om for eit par år sidan. Alt dette medan svineprodusentane framleis lever i uvisse om kva som kjem i den lenge varsla revideringa av gjødselvareføreskrifta.

Vanskeleg å svara

Leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er uroa over kor uføreseieleg stoda i norsk svineproduksjon er. Han held fram at utfordringane er eit paradoks i lys av at norsk gris er ettertrakta i Europa og i verda elles. Bartnes illustrerer med at svinenæringa i Norge gjekk over til lausdrift tidleg på 2000-talet.

– Det har gått 20 år, og Europa har enda ikkje kome etter. Nå er norske forbrukarar og ein ny debatt likevel i ferd med å stilla nye spørsmål som me, ut frå den tradisjonen me har, har vanskar med å svara på, seier han til Bondevennen.

Om dyrevelferd har stått på programmet for svineprodusentar i fleire tiår, har temaet nå blitt sentralt også blant norske forbrukarar, seier Bartnes.  Han synar til debatten i kjølvatnet av tilsynskampanjen mot slaktegrisprodusentar i Rogaland og dokumentarfilmen frå i sommar om dyrevelferd i norske svinebesetningar.

– Utfordringane har tårna seg opp, og eg skjønar godt at svineprodusentane nå leiter etter svar, seier han.

Bondeleiaren meiner at norske svinebønder har mykje å vera stolte av.

– Og det må me halda fast på. Men eg trur me må lytta til signala og gjennomføre dyrevelferdsprogramma som eit viktig verkemiddel for å dokumentera korleis me driv og kva me endrar på. Eg erfarer i mine møte med media at dette blir oppfatta positivt.

Kultur for svin

– Kor trur du trur svinenæringa er om ti år?

– Det går an å spørja, men det er vanskeleg å svara. Norsk svinenæring har garantert ein plass i framtidas kjøtproduksjon i Norge. Me har ein sterk tradisjon og kultur kring det å eta svin her i landet. Eg trur ikkje dagens kraftfulle kjøtdebatt kjem til å slå særleg kraftig inn i norsk etemønster med det første. Men, det er noko med dei nye generasjonane, meiner Bartnes.

– Kva dei vil velja om ti år er det store spørsmålet. Her har me bønder eit ansvar for å vera i førekant.

– Mange produsentar har bygningar som byrjar å bli slitne. Skal dei låna pengar og satsa ein runde til?

– Eg meiner absolutt det er grunnlag for å satsa vidare. Norsk svinenæring er sentral i matkultur-, matforsynings- og verdiskapingssamanheng, understrekar bondelagsleiaren.

I spagaten

Ole Nikolai Skulberg heldt fram at svinenæringa står ved eit vendepunkt der dei aldri har stått før.

– Me må berre erkjenne at den tida der me alltid kan basera oss på at forbrukarveksten gjer at me kan eta oss ut av overskotet på eit år eller tre, er forbi. Purka er effektiv. Produksjonen gir meir smågris på eine sida, men kanskje redusert marknad på andre sida. Svinebøndene står i ein spagat, seier han.

Direktøren har ikkje oppskrifta.

– Men det blir feil å tenkja at dei smågrisene me har i dag, raskast mogleg må fôrast opp i andre enden, seier han.

Skulberg held fram at smågrisproduksjonen må reduserast på andre måtar enn ved å bruka det som han meiner har vore ryggmargsrefleksen i næringa; å slå på lysa i nokre fleire slaktegrishus og fôra fram grisene.

– Det håpar eg ikkje blir gjort nå. Då vil me i så fall skrubbe på ein kjempe overproduksjon som vil gå ut over prisen. Ikkje for å trykka dykk ned og teikna eit mørkt bilete, men me treng ei felles forståing av dei faktiske marknadsutfordringane som ligg føre, seier han.

Då Skulberg var på veg ned frå podiet, kommenterte ein frustrert produsent at; – ja men det du seier nå er at me skal slå i hel smågrisen.

– Aldri opplevd liknande

I gangen mellom føredragssalane var det standar. Her kunne svineprodusentane mellom mykje anna få drops av Mattilsynet. På ein annan stand stod Peder Skåre. Han er Distriktssjef Sørvest i Landkreditt og har gjennom ulike rollar kjent svinenæringa på pulsen sidan tidleg på 1980-talet. Skåre har følgt både opp- og nedturane.

– Det har vore ein økonomisk nedtur dei siste to tre åra grunna overproduksjonen. Ein tilleggsdimensjon gjer at sjølv om økonomien og totalmarknaden synar teikn på betring, er det for få som vil kjøpa smågris. Følgja er at det er smågrisprodusentar som kvar veke må slakta smågris. Eg har aldri opplevd noko som liknar på dette, seier han.

Skåre peikar på utfordringar kring dyrevelferd, økonomi og at strukturen på slaktegrissida er i endring.

– Mange slaktegrisprodusentar har slutta av. Det blir eit misforhold mellom tilbod og etterspurnad. Dette er eit kjempeproblem, som fører til både handlingslamming og apati. Folk veit rett og slett ikkje kva dei skal gjera nett no.

Peder Skåre

Ingen kvikk-fix

Distriktssjefen ser ingen kvikk-fix for å få næringa ut av floka.

– Smågrisproduksjonen kan reduserast friviljug ved at bønder reduserer purketalet. Vidare kan me håpa at fleire slaktegrisprodusentar no vel å setja inn smågris, sidan lønsemda no kan synast å vera på veg oppover, medan marknaden synar teikn på å vera i balanse. Kanskje bør slaktegriskonsesjonen på 2.100 dyr vurderast, i det minste for ein periode, seier han.

Næringa må synleggjera moglegheitene i slaktegrisproduksjonen, held Skåre fram.

– Før eller seinare må det òg bli bygd nye slaktegrishus, for å erstatta anlegga som av ulike grunnar har gått ut av drift, seier han.

Behov for renovering

Skåre synar til byggeboomen i kjølvatnet av lausdriftskravet kring tusenårsskiftet. Han understrekar at mange av husa nå er slitne, og registrerer at færre av desse enn kva han hadde rekna med, valte å slutta av med purker.

– Det er behov for renovering i mange av desse grisehusa, eg trur mange av svineprodusentane nå sit på gjerdet og følgjer med på korleis økonomien blir framover, før dei bestemmer seg for vegen vidare.

Han er likevel mest bekymra for oppgraderingsbehovet i slaktegrisproduksjonen. Særleg hjå slaktegrisprodusentar med mindre hus.

– Å renovera eit hus med få slaktegrisplassar blir gjerne dyrt, men fleire bør vurdera dette då det fortsatt er, og vil bli mogeleg, å tena pengar på slaktegris. Dette saman med eit og anna nytt slaktegrisehus, og litt færre purker, vil kunne oppretta balansen, seier han.

– Har blitt ein meir usikker yrkesutøvar

Kristin Ianssen er svineprodusent i Eidsberg i Østfold. Ho er tidlegare styreleiar i Norsvin og har vore nestleiar i Norges Bondelag i tre år. No er ho «berre» svineprodusent og lokalpolitikar – og deltakar på Gris i 19.

– Produsentane treng å koma saman.  Siste års hendingar med blant anna tilsynskampanje mot slaktegris toppa seg med dokumentarfilmen i sommar. Me erfarer at det er andre som set agendaen og som skal definera kva som er rett og galt kring handtering av dyr.

Ianssen strekar under at det som kom fram i filmen ikkje var bra.

– Men når eg nå opplever at næringa gjer mykje bra for dyra, og at me har svært stor omsorg for dei, kjem likevel dyrevernsorganisasjonar til oss og hevdar at me grisebøndene ikkje forstår kva forbrukarane meiner. Eg har blitt ein meir usikker yrkesutøvar siste tida. Det er ikkje bra. Me må ikkje bli fråtekne moglegheita til å også kunne stole på eigne vurderingar på kva som er god dyrevelferd i grisehuset, seier ho.

Bonden er glad for å kunne møta kollegar på Svin i 19.

Kristin Ianssen

– Me svineprodusentar har så utruleg mykje å vera stolte av. God dyrevelferd og lite medisinbruk, er to av mange døme. Aktørar frå andre land kjem hit for å læra og sjå korleis me driv, det må me ikkje gløyma, midt oppi alle utfordringane, understrekar ho.

Har ei framtid

– Då ligg det i korta at du meiner at norsk svineproduksjon har ei framtid?

– Ja. Dersom svineprodukt blir ein del av det folk skal eta framover, har næringa absolutt ei framtid.

– Korleis kan næringa løysa overskotsproduksjonen på smågris?

– Me må alltid justera purketalet til forbruket, så purketalet må noko ned akkurat nå. Her må kvar enkelt halda fram med å ta ansvar i eiga besetning. Reduksjonen vil i tillegg kunne skje ved naturleg avgang, meiner Ianssen.

Stikkord denne saka: