Må redusera: Produksjonseffektiviteten vil i følgje prognosen auke med to prosent i 2018, medan salet flatar ut. – Lageret av svinekjøt aukar for kvar veke. Me må ta ned produksjonen no, seier styreleiar i Norsvin, Geir Heggheim.

– Ei innstraming av konsesjonsregelverket som tettar eingongspurkesmottholet er bra, men dessverre ikkje nok for å retta opp marknadsbalanse, meiner styreleiaren i Norsvin, Geir Heggheim.

Sjur Håland

Heggheim meiner det må sterkare lut til i tillegg. Alle må redusera.

– Enkelt sagt må me redusera produksjonen og auke salet. Prognosane synar ei effektivitetsutvikling på to prosent, medan forbrukarkonsumet flatar ut. Samstundes har den nye purka blitt utruleg effektiv Talet på mordyr må ned.

– Korleis vil de greia det?

– Dilemma er at me har lite verkemiddel å bruka. Eksportmoglegheita er også i ferd med å fasast ut. Frå 2020 vil denne reguleringsventilen vera stengd.

Heggheim ser fram til resultatet frå Omsetningsrådet sin pågåande gjennomgang av verkemiddelbruken. Håpet er å finna tilgjengelege verkemiddel for produksjonsregulerande tiltak.

– Men svar frå Omsetningsrådet kan ikkje ventast før utgangen av neste år. Så god tid har næringa ikkje. Lageret av svinekjøt aukar for kvar veke. Me må ta ned produksjonen no, strekar han under.

Geir Heggheim

– Er det mogleg å få til?

– Me treng ein felles dugnad. Det handlar om å få alle til å bidra med lågare slaktevekter, tidlegare slakting og færre insemineringar.

– Kva skjer med importkvotane?

– Aktørar i bransjen som Nortura, Fatland og Furuset føler eg er på vår side. Men slik situasjonen ser ut, dei treng til dømes ikkje plent bruka importkvoten av ribbe på 75 tonn. Det blir interessant å sjå kven som eventuelt tar inn den kvoten. Me treng i staden å bruka av eige reguleringslager. Det vil bli nok tilgjengelig ribbe gjennom det såkalla ribbetiltaket. Det same vil eg seia om den generelle EU kvoten på 600 tonn. Nå er det i staden viktig at alle aktørane gjer sitt beste for å intensivera produktutviklinga og auke salet av norskprodusert svinekjøtt.

– Har du trua?

– Klart me må ha trua, men det er ein svært krevjande situasjon. På kort sikt er det frivillig reduksjon som må til. På lengre sikt vil me forhåpentlig få styrka reguleringsmoglegheitene etter at omsetningsrådet er ferdig med sin gjennomgang.

Omsetningsrådet

I samband med siste Landbruksmeldinga påla Stortinget regjeringa å gjennom Omsetningsrådet gå gjennom verkemiddelbruken knytt til alle marknadsordningane. Målet er å finna eventuelle nye verkemiddel og betra dagens marknadsordningar. Arbeidet skal vera ferdig innan utgangen av 2019.

Prognose gris (21.juni):

På reguleringslager: 6.008 tonn
2018: overskot på 4.600 tonn
Første tertial 2019: overskot på 3.000 tonn

Stikkord denne saka: