Presisjon: Gaute Risdal t.v. og Jon Magne Torsteinsbø blir å finna på Agrovisjon. Det same gjeld Kverneland sin mineralgjødselspreiar Geospread.

Er du klar for å hausta marginar med presisjonsutstyr? På Agrovisjon kan du sjå at det å ta laboratoriet og kalibreringsutstyret med ut på jordet, ikkje lenger er ein vill framtidsdraum.

Sjur Håland

Presisjonslandbruket er her i dag, og med den nye sensorteknologien og satellittkart er det mest berre fantasien som set grenser for kva som er mogleg. Ikkje så rart då kanskje at Felleskjøpet Rogaland Agder sin stand på Agrovisjon vil bera preg av presisjonslandbruket.

HarvestLab

– Nå er me verkeleg oppe og går, med det siste innan presisjonsutstyr og spissa personell på både sals- og ettermarknadssida som kan sine ting, seier produktsjef Gaute Risdal og salssjef Jon Magne Torsteinsbø, til Bondevennen.

På den store FKRA-standen vil publikum blant mykje anna kunna studera den nye finsnittaren utstyrt med HarvestLab 3000-sensor, eit eige laboratorium som mellom mykje anna registrerer avlingsmengda.

– Om teknologien har vore tilgjengeleg alt i fleire år, ser me nå at marknaden, kundane våre, også er meir klare for avanserte presisjonsverktøy enn tidlegare, seier Torsteinsbø.

Labben på jordet: Ein John Deere finsnittar utstyrt med HarvestLab 3000 under hausting av ein maisåker. Foto: John Deere.

Fliegl – snart med sensor

På Agrovisjon skal også to Flieglgjødselvogner stillast ut. Eine på seks kubikk som legg gjødsla på bakken via slangar, og den andre på elleve kubikk utstyrt med tolv meters bom og slepesko. John Deere HarvestLab 3000 kan med ei programvareaktivering også brukast saman med tilpassa gjødselvogner.

– Til våren vert den første Flieglvogna i Rogaland/Agder med slikt utstyr kjørt i gang på Sørlandet, fortel Risdal.

Sjå føre deg at du spreier husdyrgjødsel. I staden for å gissa på næringsinnhaldet og cirka kor mykje gjødsel du spreier på målet, kan du overlata arbeidet til sensorteknologien. Den måler til ei kvar tid næringsinnhaldet og tørrstoffprosenten i gjødsla. Har du ein John Deere med AutoPowr, tilpassar traktoren farten sjølv alt etter kor mykje gjødsel som skal ut. Her kan du også leggja inn makstal for kor mykje fosfor du vil spreia per dekar. Blir resultatet mindre nitrogen enn du hadde tenkt, kan du få ut data som du kan bruka når du spreier mineralgjødsla med Kverneland sin Geospread.

– Eit lite eventyr i høve kva ein trudde som var mogleg å få til berre for nokre få år sidan, seier Risdal og Torsteinsbø.

4.000 målingar i sekundet

Det er berre å gle seg over moglegheitene med den nye presisjonsteknologien, seier Risdal og Torsteinsbø. Når entreprenøren trillar inn på enga di med 8400-snittaren, kan du også ta ut avlingskart som samarbeider med HarvestLabsensoren. Og, hald deg fast; Sensoren tek 4.000 målingar per sekund. Her får du oversikt over arealet som blir hausta, energiinnhald og kilo tørrstoff per dekar.

– Du kan også på litt sikt få ut for eksempel sukkerinnhald, råprotein, fiber og råoske. Nett nå er det folk på Ås som lager algoritmar for å tilpassa utstyret til norske forhold, seier Risdal.

Utstyret kan koplast frå og brukast som bordmodell.

– Du kan ta prøvar av grovfôret ditt kvar dag om du vil, seier Torsteinsbø.

Gjødsla etter avlingskart

Sei at ein John Deere skurtreskar, har hausta kornavlinga på garden din og målt avlingsmengd og fukt. Då kan du henta kartet frå treskaren med alle data, senda dei vidare til mineralgjødselspreiaren og bruka data til ei nøyaktig tilpassa variabel gjødsling av attlegget. Avlingskart å gjødsla etter kan også hentast ned frå andre maskinar eller frå Cropsat, At.farm eller andre satellittkart som «måler» nitrogeninnhaldet i avlingane.

– Mykje skjer. Noko er av det gode. Matdyrking er viktigare enn nokon gong, presiserer Risdal og Torsteinsbø.

I følgje dei to kan HarvestLab neste år også brukast på dei nye John Deere treskarane slik at proteininnhaldet i kornet kan målast og dokumenterast direkte under innhausting.

Gjødselmåling: Til våren blir den første Flieglvogna med HarvestLab starta opp på Sørlandet. Her er sensorutstyret montert på ei vogn av anna merke. Foto: John Deere.

Geospread blir allemannseige

Treskarar og snittarar med den aller nyaste teknologien er nok enn så lenge mest aktuelle for entreprenørane. Kverneland sin Geospread fell meir inn i kategorien allemannseige. Desse maskinane kan du også studera nærare på FKRA sin stand på Agrovisjon.
Geospread gir nøyaktig seksjonsspreiing og justerer spreiinga etter vendeteigar og kilar i enga medan du køyrer. Det handlar om meir enn jamn spreiing av rett mengde ut til kantane på jordet.

– Du kan bruka data til å planlegga gjødslinga heilt optimalt, med variabel tildeling. Det kan handla om å for eksempel vurdera kor på jordet det kan svara seg å auka mengda og kor det kan vera lurt å trekkja vekk nokre kilo, som i eit blautt felt eller på eit område der gjødslinga opplagt vil ha minimal effekt, seier Risdal.

Mykje å henta

Om du bruker sensorteknologien og køyrer ein John Deere med JD-link, vil denne automatisk lasta ned data frå HarvestLab-sensoren til eit operasjonssenter. Data herifrå, eller frå eit satellittkart, kan lastast ned og brukast til å laga spreiekart til Kverneland Geospread.

– Med dei høge prisane på mineralgjødsel, er det utruleg kor mykje det er å henta på å spreia nøyaktig med tilpassingar til variablar på det enkelte jordet. Med GPS og Geospread er det mange som tek første steget inn i presisjonslandbruket, seier Torsteinsbø.

Data og sensorane er nyttige og stadig meir nøyaktige hjelpemiddel til å utnytta ressursane på beste måten, men erstattar likevel ikkje agronomen i deg, understrekar Risdal og Torsteinsbø.

– Du må analysera og bruka data frå kart og sensorar som gode hjelpemiddel og komplettera det heile med ditt eige skjønn og dine vurderingar.  

Stikkord denne saka: