Foto: Synnøve Jørgensen, 4H Rogaland

Foto: Synnøve Jørgensen, 4H Rogaland

I løpet av den neste månaden skal barn og unge rundt om i 4H-fylket, Rogaland, og i resten av landet, stille ut prosjektoppgåvene sine. Her finn ein djupdykk i eit mangflald ulike tema: fotografi, sau, hest, gris, strikking, mekking, baking, traktor, sportsfiske, jakt og mykje meir!

Pressemelding frå 4H Rogaland

I Rogaland finnes det heile 39 lokale 4H-klubbar, og alle skal i løpet av oktober arrangere sin årlege og tradisjonelle haustfest. Her stiller medlemmane ut sine prosjekt, underhaldar frå scena, er programleiarar, serverer mat og kaffi og, det kjekkaste av alt, organiserer tradisjonell basar med sal av lodd eller årer.

Høgdepunktet på festen er likevel verken basar eller tale frå ordføraren. Denne kvelden skal nemleg medlemmene med godkjent 4H-prosjekt få utdelt årets merke. Har ein fått merke sju gonger,  mottar ein til slutt 4H-plaketten og kan ta imot applaus og gode ord.

Det er, som alltid i 4H, medlemmane, barn og ungdom sjølv, som planlegg og gjennomfører. Dei vaksne i klubben,  er i bakgrunnen for å rettleie og støtte. Føresette, besteforeldre og andre ressurspersonar i nærmiljøet er dessutan ofte engasjert i ferdigstilling eller den faglege vurderinga av 4H-prosjekta. Haustfesten er staden for å gjere stas på, og takke alle for innsatsen. Bak kvar enkelt haustfest ligg det ein enorm frivillig innsats, og motivasjonen er samfunnsengasjement, læreglede og vilje!

Haustfestane er opne arrangement. Kom gjerne innom!

 

Stikkord denne saka: