Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, skal presentere norsk lokalsamfunnsutvikling under ein verdskongress for bærekraftig framtid.

 

Jofrid Åsland

 

I ei melding frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) vert det opplyst at Lønning er einaste inviterte norske innleiar på verdskongressen for bærekraftig utvikling, «Seizing An Alternative», i California 4 – 7 juni.

Meir enn 1.000 innleiarar frå 30 land over heile verda kjem til kongressen. Blant desse kjem mellom anna Vandana Shiva frå India, Sheri Liao frå Kina og Bill McKibben frå USA.

Dag Jørund Lønning er invitert for å innleia om eige fagleg og utviklingsretta arbeid rundt menneskeleg skaparkraft, samt kreativitet, nyskaping og lokal samfunnsutvikling i Noreg. Ein eigen to timars sesjon vil deretter drøfta Lønning sitt bidrag. Ein av kommentatorane her blir Wes Jackson, stiftar og leiar av The Land Institute og kalla «ein av dei 100 viktigaste amerikanarane i det tjuande århundret» av Life Magazine.

– Det er sjølvsagt stas å bli invitert inn i dette selskapet, og det blir svært spennande å drøfta eigne perspektiv, funn og idear med nokre av dei fremste tenkjarar i verda. Det kriblar rett og slett. Konferansen har som mål å kunna utvikla nye globale verktøy og visjonar for ei meir berekraftig framtid. Det er ein av dei viktigaste fagkonferansar i verda på mange år. Å få vera med på dette er ei stor ære og eit stort ansvar, seier Lønning.

Målet med konferansen «Seizing an Alternative» er å medverka til den globale debatten, men også sette fokus på kva bærekraft tyder nasjonalt og lokalt. Bidraga frå konferansen skal utgjevast som ein serie faglege og populærvitskaplege publikasjonar.

Lønning reiser til USA i månadsskiftet mai/juni, og vil i tillegg til å delta på bærekraftskonferansen arbeida med å utvikla samarbeidsrelasjonar mellom HLB og relevante akademiske miljø i California.

 

Stikkord denne saka: