Tilbyr «griseprat»: For å letta tilsynsnervene, kan svineprodusenter i Rogaland og Vestland slå på tråden til eit styremedlem i Norsvin Sør-Vest. – Det er ei viss spenning knytt til kampanjen, seier Linda Vigre. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola

Norsvin Sør-Vest fryktar at bønder kvir seg for Mattilsynet sin tilsynskampanje på gris. Derfor tilbyr styremedlemmene ein uforpliktande «griseprat».

Jane Brit Sande

Mattilsynet startar i desse dagar opp sin nasjonale tilsynskampanje på gris. 600 tilfeldig utvalde produsentar vil få umelde besøk av inspektørane i løpet av 2021 og 2022.
Styret i Norsvin Sør-Vest vil at produsentane skal vere best mogleg rusta når tilsynet kjem til gards. Linda Vigre, styremedlem, seier at dei tilbyr alle svineprodusentar i regionen å ringa dersom dei kjenner seg usikre eller har spørsmål – for ein «griseprat».

– Dette gjer me fordi det er ei viss spenning knytt til kampanjen, både frå næringa og frå Mattilsynet si side, seier ho til Bondevennen.

Samtalen er uforpliktande. Det som bøndene deler, blir ikkje formidla vidare.

– Mattilsynet har vore tydelege på kva dei skal sjå etter på tilsynet, men likevel trur me at mange bønder kjenner på at dei er usikre, og går med ein klump i magen fordi dei ikkje veit om og når tilsynet kjem, seier Vigre.

Linda Vigre
Foto: Privat

Mattilsynet har sagt at hovudvekta skal vere på dei store linjene, når dei er ute på tilsyn.

– Tilsyna knytt til kampanjen skal ikkje handla om smådetaljar, seier Vigre.

Levande vesen

Bøndene skal til ei kvar tid vere oppdaterte på og følgja reglane som gjeld. Strenge reglar, understrekar Vigre.

– Me skal alle ha det så ordentleg i fjøset at eit umeld besøk er uproblematisk. Samstundes er dyra levande vesen, og mykje kan skje i løpet av dei timane bonden er ein annan plass enn i fjøset, seier ho.

– Eg plar samanlikna fjøset med Familien AS. Det er ikkje alt som er på stell til ei kvar tid der heller. Dei færraste av oss hadde sett pris på umeld inspeksjon i heimen.

Skal ikkje moralisere

Styremedlemmane stiller seg tilgjengelege for både ein prat på telefonen, eller ein kaffikopp i tunet.

– Det er viktig for oss å understreka at me ikkje skal moralisere, seier Vigre.

– «Grisepraten» er eit høve til å lufta tankar og problemstillingar knytt til tilsynet. Det er ikkje alle bønder som har ein kollega dei kan jamføra seg med. Det kostar ingenting å ta ein telefon, og me skal gjere det me kan for å hjelpa, seier Vigre.

Ho håpar at Norsvin Sør-Vest ikkje blir aleine om å vere støttespelarar fram mot tilsyna.

– Eg håpar veterinærane og slakteria kjenner si besøkstid. Dei sit med mykje informasjon om drifta rundt på gardane, og veit kvar ting ikkje er på stell. Me må alle gjere det me kan for å hjelpe kvarandre i næringa, og syte for at tilsynskampanjen blir ei god oppleving for alle partar, seier Vigre.

Styret kan nås på mobil og e-post:

Bjørn Ståle Bekkeheien 915 90 943 bsbekkeheien@hotmail.com
Magnar Fjeldheim 913 18 601 magnar@solnok.no
Lene Iren Rangen 909 40 242 leneirenr@gmail.com
Linda Johansen Vigre 928 35 143 linda.vigre@live.no
Børge Næss 908 93 469 borgenes@yahoo.no
Stikkord denne saka: , ,