BN+

Interesse: Mange bønder lurer på å investera i solcellepanel på garden. Nå løyver Innovasjon Norge tilskot, medan SpareBank 1 SR-Bank tilbyr miljølån til bønder som vil investere.


Elektrisk kraftproduksjon frå solceller er i vinden. Nå løyver Innovasjon Norge tilskot, medan SpareBank 1 SR-Bank tilbyr miljølån til bønder som vil investere.


Sjur Håland


– Banken registrerer auka spurnad etter lån til solcelleanlegg i landbruket. Difor har me oppretta eit eige miljølån til finansiering av slike anlegg, seier banksjef landbruk i SpareBank 1 SR-Bank, Morten Malmin, til Bondevennen.


Malmin har fått med seg diskusjonen kring økonomien i solcelleanlegg på norske gardsbruk, eit tema som også har vore omtalt i Bondevennen.


– Det viktigaste blir å investera i anlegg der ein kan nytta mest mogleg av den produserte energien sjølv. Det blir som regel dårleg økonomi om ein produserer elektrisitet for vidaresal på nettet til spotpris, seier han.


Det er ikkje gitt for nokon å spå korleis nettleiga og prisen på kraft vil endra seg. Morten Malmin synar til NVE som har skissert at nettleiga kan auka med 30 prosent fram til 2025. Vidare nemner Malmin at ferdigstillinga av ein ny straumkabel mellom Norge og Tyskland i følgje NVE vil auka straumprisen med eitt til tre øre per kilowattime. Dersom den mykje omtalte Northconnect-kabelen mellom Norge og Storbritannia får konsesjon, kan prisen auka ytterlegare. Malmin meiner solcelle har framtida føre seg

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.