Bonde gir kraftfôr fra bøtte, til to kyr

Haldbare kyr hjå dugande oppdrettar: Jonas Hadland i lag med 1029 Frida som passerte 100 tonn mjølk i desember. Ho ventar sin 12. kalv i juni. 1076 Karina (t.h.) mjølka godt 102 tonn mjølk før ho måtte slaktast i november i fjor. Begge kyrne er fotografert 10.11.20.

Nyleg passerte to av kyrne hjå Jonas Hadland på Salte i Klepp, den magiske 100-tonns grensa for livstidsyting.

1076 Karina

Kua 1076 Karina er født 29.08.09. Far er 23004 H.Ponnistus, mor er 939 Karina og morfar er 5603 Lien. Ho landa på 102.045 kilo mjølk på åtte laktasjonar. Det ga ei gjennomsnittleg årsavdrått på 11.356 kilo, med 4,03 prosent i feitt og 3.36 prosent i protein. Siste drektigheit enda med kasting i 2020. Kua fekk problem med cyste/brøling og gjekk ut i november 2020.
For dei spesielt interesserte; mora 939, også med namn Karina, mjølka òg over hundre tonn før ho gjekk ut av teneste. Det er ikkje ofte ein ser både mor og dotter passere denne grensa. For ordens skuld; desse kyrne er mjølka i mjølkestall, ikkje med robot.

1029 Frida

Kua 1029 Frida er født 20.07.2008. Frida er «still going strong» i fjøset til Hadland. Frida er etter 5583 Salte og har 5277 Ulsaker som morfar. Merk faren, 5583 Salte. Slik sett er Frida etter eigen okse då oppdrettar av eliteoksen 5583 Salte er nettopp Jonas Hadland. Litt spesielt er det også at 1029 Frida kan syne stamtavle heilt attende til ei innkjøpt ku frå Bærums Verk tidleg på sekstitalet. Her er det orden i sysakene!
Per 31.12.20 har Frida produsert 100.812 kilo mjølk, med eit årsgjennomsnitt på 10.137 kilo. Gjennomsnittleg feittprosent har vore 4.31 prosent og 3.56 prosent protein. 1029 Frida ventar 12. kalven i juni 2021.

Tore Joa, tidlegare avslrådgivar i Tine.  

Stikkord denne saka: