For to år sidan kjøpte skogeigar, gründer og oppfinnar Kjell Ivar Ueland, på Røysland gard, eit skogsareal av Statsskog. Nå har han hogt ut 3.000 kubikk meter med tømmer.
Eirik Stople
– Me starta opp 15. februar i år , fortel Kjell Ivar. Då leigde han inn skogsentreprenør Lloyd Vaule for å hogge ut vegtrasèen. Vegen er bygd av Glenn Nodland. Kjell Ivar deltok med køyring av dumper og anna utstyr.
Skogsvegen, på 1,4 kilometer, har lastebilstandard. Vegen var kostnadsrekna til kr 750.000, men blir bygd for kr 580.000 inklusive kr 180.000 i steinløing. Det er berre nytta stadeigne massar som byggemateriale.
– God planlegging og å gjere rett ting i rett tid er utruleg viktig for å koma gunstig ut økonomisk. Eg stod sjølv for all koordinering av arbeidet, fortel vegbyggaren. Veg og drift er planlagd i tett samarbeid med skogbrukssjef Hans Petter Tønnesen.
Har hogd ut 3.000 m3 med tømmer
På arealet som Kjell Ivar kjøpte av Statsskog stod det hogstmoden gran- og furuskog. Planta furu blir skjeldan vellukka. Det var også situasjonen her. Det stod ikkje meir enn 15-20 m3 per dekar. Planta granskog gir langt større produksjon. Her blei det hogt om lag 60 m3 per dekar. Skogsentreprenør Lløyd Vaule har stått for drifta. Vaule har tatt ut 1.000 m3 furu og 2.000 m3 gran. Det meste blir seld til Sverige og Tyskland.
Stikkord denne saka: Skog