Tor Arne Liland

Tor Arne Liland, fekk hauste både applaus og blomar. Han er frå Sirdal og har den siste tida rekruttert 20 nye medlemmar til bondelaget.

Han fekk blomar og heider for sitt rekrutteringsarbeid til Bondelaget i Vest-Agder. Men det er ikkje poenget. – Det viktigaste er å skape levande bygder, seier Liland.

Jofrid Åsland

Tysdag 15. mars hadde bondelaga i Agderfylka årsmøter. Mot slutten av den felles delen av møta fekk bonden, Tor Arne Liland, hauste både applaus og blomar. Han er frå Sirdal og har den siste tida rekruttert 20 nye medlemmar til bondelaget.

– Eg har ingen triks, men fortel folk om kor viktig det er å ha bønder for å sikre trygg og god matproduksjon, og eit levande bygdesamfunn, sa Liland.

Han har ikkje berre rekrutert aktive bønder til bondelaget, men også personlege medlemmar.

– Det er moro at mange unge bønder overtek og kjem med i organisasjonen, understreka bonden.

Heime på eigen gard arbeider han aktivt for vise folk flest kva landbruk er.

– Det beste er å ta tak i barna, så tek dei med seg kunnskapen heim til foreldra, er tipset frå Liland.

Han skal snart opne fjøsdøra for ein gjeng med 3.-klassingar heime på garden, på Liland i Vest-Agder. For han og kona handlar det om å skape gode opplevingar for barna saman med dyr. Det er deira bidrag til å auke kunnskapen om bonden sitt yrke i samfunnet.

Stikkord denne saka: ,