• Trine på Gården, hus og løe
    Gårdsbutikken Trine på Gården er lett tilgjengeleg: Like utanfor sentrumskjerna i Søgne, men fortsatt nær E39.

Trine Lohne sakna lokalt engasjement for mat. Dette har resultert i ein gardsbutikk med varer av råvarer frå Søgne, som er lagt merke til over heile landet.

Jane Brit Sande

Det heile starta då Andreas Viestad, matskribent og matprogramleiar, på ein matkonferanse sa at dei ikkje hadde noko å vere stolte av på Sørlandet. Dette vekte noko i Trine Lohne, og ho bestemte seg for at Søgne skulle få sin plass på matkartet. Lokale produsentar skulle løftast opp og fram, og det skulle gjerast gjennom eit konsept med ein sterk profil. Trines Gourmet AS består av gardsbutikken Trine på Gården og ei cateringteneste, som speler på lag med bønder og produsentar i Søgne kommune.

Produsentar og produkt

Lohne samarbeider tett med produsentane. Då ho ytra at ho mangla honning, melde ein bonde seg til å starte opp. Ho er oppteken av å bruka råvarer som sett særpreg på smaken, og det er ikkje nødvendigvis råvarer som ein får tak i utan vidare.
– Eg brukar kjøt frå elg, hjort, villsau, gris, kalv og okse som eg får lokalt. Fleire av våre bønder har utruleg flotte dyr som det er både spanande og gøy å arbeide med. Me har blant anna kjøt frå skotsk høglandsfe og frå gammal norsk spælsau. Mange trur kjøtet frå høglandsfe ikkje er noko særleg, men sanninga er at den naturlege marmoreringa gjer ein god smak, forklarar Lohne.
– Andeegg er gode til bakst, og frå Søgne vidaregåande skule får eg vaktelegg, held ho fram.
Lohne stoppar ikkje her. Saman med bønder i Søgne er 4640 Søgne SA stifta. Samvirket eig Lohne saman med leverandørar ho brukar, og blei oppretta i juni i år. Så langt er dei sju medlemmer i samvirket, men Lohne fortel at dei håpar dei vil vekse til å bli mellom 20 og 30 medlemmer, alle produsentar i Søgne kommune.
– Det handlar om å ta i bruk dei ressursane me har tilgjengelege her i Søgne, og med dette samvirket opprettar me òg eit eige merkenamn. Dette skal me synliggjera for kundar gjennom bruk av eigen logo.
Trine Lohne har i tillegg til gardutsalet, bakeri, matkurs og cateringteneste. Som utdanna kokk, med 27 år i bransjen, har Lohne både erfaring og kunnskap i ryggen.
– Eg endrar menyen fem gonger i året, og nyttar sesongbaserte varer eg har tilgjengeleg lokalt. Det betyr at dei same, anten det er privatpersoner eller bedrifter, kan bestilla mat hjå meg fem gonger i året – utan at dei blir lei maten eg tilbyr, fortel Lohne.
– «Gjenkjøp» er eit viktig stikkord for drifta her, slår ho fast.

 

Denne teksten er eit utdrag frå saka «Søgne på matkartet» som var publisert i Bondevennen sitt temanummer om lokalmat.

Stikkord denne saka: