Kjem att: Agnete Børresen, organisasjonskonsulent, Hanna Storlien, avlsforskar, Albertine Louise Namork, veterinær, og Cedric Øglænd, regionsleiar, loste forsamlinga godt gjennom kvelden. Det freistar visst til gjentaking.

Kring 60 unge og framtidige bønder fann vegen til Genoloftet for å lære meir om storfeavl.

Jane Brit Sande

For tredje gong inviterte Geno til ungdomskveld på Genoloftet på Jæren førre veke. Med både fag, mjølking med VR-briller, Kahoot! og pizza på menyen, blir det godt oppmøte.

– Me har bestilt 20 pizza, tru om det er nok? Tidlegare har me ringt og bestilt ti pizza til. Unge folk i arbeid, det går ein del mat, seier Cedric Øglænd, regionsleiar i Geno, før møtet startar.

Ungdommen kjem sigande inn. Nokon etterlyser kaffikanna før dei har sett seg. Når møtelyden startar, kan Øglænd telje 60 personar. Han ringer og bestiller ytterlegare 12 pizza.

Om embryo og avlsarbeid

Albertine Louise Namork, nyleg tilsett embryoveterinær i Geno, forklarer ungdommane korleis IVF og MOET fungerer, og kvifor Geno nyttar MOET. MOET står for Multiple ovulation embryo transfer. Med denne metoden blir kua hormonbehandla slik at ho har fleire eggløysingar samstundes. I snitt får ein då fem-sju embryo til overføring for kvar skyleomgang.

– For å ha betre sjanse til å lukkas med embryo har me følgande råd: Ha stabile grupper med dyr, og ikkje flytt dyra rett før og rett etter overføring. Pass godt på haldet på kvigene, og syt for å ikkje nytta kviger med bøygd livmorhals til embryo. Kyr kan godt brukast. Set dyra trongt og i fangfront når overføringa skal skje, sa Namork.

Avlsforskar og mjølkebonde Hanna Storlien informerte om genotypetesting, kor langt Geno er komen i arbeidet, og kva fordeler bøndene kan ha med å teste eigne dyr.

– Genotypetesting er den raskaste måten å betre hodyrgenetikken i eiga besetning. Det er eit viktig tiltak for å betra den avlsmessige framgangen for NRFrasen, og i tillegg er det spanande å vere med i avlstoppen, sa ho.

Det er genotypetesta 90952 dyr i NRF-populasjonen.

– Resultatet kjem i Kukontrollen, og er eit godt bidrag inn i avlsplanlegginga, sa Storlien.

Spel, pizza og quiz

Så snart foredraga var over, var det tid for VR-spel, pizza og Kahoot!. Var det nok mat? Av 32 pizza, var det halvannan att når dei unge, lovande vende snuten heimover.

VR og mjølking: Gjengen frå Geno hadde med seg VR-briller og spel der ein skulle mjølke ei ku på tid. VR er kort for virtuell verkelegheit. Når ein tar på seg brillene blir ein plassert i eit virtuelt rom, der ein kan bevega seg rundt. Spelet var populært, både å prøva, og å sjå på når andre spelte.

Stikkord denne saka: