Nok vekst? Åsbjørn Høyland stiller spørsmål ved vekstambisjonane til kommunane på Jæren, og meiner det burde vore eit statleg ansvar kva regionen skal nyttast til. – Dette kan ikkje vere den enkelte kommune sitt ansvar aleine, seier han. Foto: Sjur Håland

Hå-bonde Åsbjørn Høyland vil ha Stortinget på banen for å stagga jærkommunane sine vekstplanar på dyrka mark.

Jane Brit Sande

Åsbjørn Høyland er bonde og lokallagsleiar i Nærbø Bondelag. Han ser med skrekk på utviklinga i regionen han bur. Det er eit stort press frå næringslivet og kommunane, med utbygging og næringsverksemd i vekst.

– Meir vekst i næringslivet betyr at landbruket mister innflytelse på kommunenivå, slår han fast.

Han vil at Stortinget skal involverast i utviklinga av Jæren og andre aktive jordbruksområde.

– Eg snakkar ikkje berre om Time, Klepp og Hå. Det gjeld også kommunane rundt; Stavanger, Sola og Randaberg, seier Høyland.

– Det må vere brei samhandling om korleis områda skal nyttast. Skal byane få vekse inn i landbruksområda, spør han retorisk.

– Kvar si tue

Høyland er uroa for vekstambisjonane til kommunane på og rundt Jæren, og meiner det burde vore eit statleg ansvar kva regionen skal nyttast til.

– Dette kan ikkje vere den enkelte kommune sitt ansvar aleine. Slik det er no, sit kommunane på Jæren på kvar si tue og jobbar for vekst hjå seg sjølv, seier Høyland.

Grunneigarane får ofte tilbod om svimlande summar for jorda.

– Eg er sterkt for jordvern, men også eg hadde hatt problem med å seie nei til ein million kroner målet. Å stå imot slike tilbod for å verne jorda, er eit stort ansvar å bere, seier Høyland.

Vekst betyr utfordringar

Hå-bonden viser til Time kommune sine planar om å etablera datasenter på matjord.

– Det er målsetting om fleire tusen arbeidsplassar. Det betyr eit større behov for bustadar, vegar og infrastruktur. Dette legg nytt press på jordbruksareal. Det vil bli vel så øydeleggande som sjølve utbygginga, og på sikt vil det endre Jæren slik me kjenner det i dag, seier Høyland.

Men null-vekst er ikkje aktuelt, uansett kor mykje ein er for jordvern, meiner bonden.

– Men det er vekst heile tida. Er det eigentleg eit behov? Eg trur kommunane heller må driva på ein måte som gjer at dei ikkje må vekse, seier Høyland.

Han vil ha eit meir forpliktande jordvernengasjement.

– «Alle» er for jordvern, men berre fram til freistinga er for stor, seier Høyland. Bondelagsleiaren trur landbruket vil ha eit ringt kort på hand, om datasenterplanane i Time blir vedteke.

– Jordbruket har også verdiskaping, men vår profitt blir for liten i forhold til desse planane. Jordbruket krev langsiktigheit og planlegging over generasjonar. Me må stikka fingeren i jorda og vere realistiske, seier Høyland.

– Kommunane opererer med landbruksplanar og langsiktige grenser for landbruk. Stolar du ikkje på desse planane?

– Nei, eg gjer ikkje det. Eg ser jo at planane blir nedprioritert og grensene flytta på, berre det kjem noko som kommunane meiner er viktigare, seier Høyland.  

Stikkord denne saka: