Utkjøpsordninga for smågrisprodusentar som vart lansert i fjor har ikkje gitt ønska tilslutning. Målet var å kjøpe ut 4000 purker. Status i dag er godt halvparten.

Liv Kristin Sola

– Vi har eit par saker som ikkje er heilt avklart, men kjem til å lande ein stad mellom to og tre tusen purker i denne ordninga, seier Ole Nikolai Skulberg, direktør i Nortura Totalmarked.

Påmeldinga er avslutta og produsentane som har inngått avtale har fem månadars frist til å melde purkene inn til slakt.

– Effekten av utkjøpsordninga vil vi sjå mot slutten av året og i første halvdel av 2020. Avhengig av slaktegrisvekta, vil det utgjere eit volum på om lag 5000 tonn, seier Skulberg.

– Er de nøgd med oppslutninga?

– I forhold til marknadssituasjonen og det faktum at vi frå 2021 ikkje lenger har høve til reguleringseksport, kunne ordninga vore betre utnytta. Utkjøp av purker er stort sett jamt fordelt mellom regionane, bortsett frå i Rogaland. Her skulle vi gjerne hatt høgare oppslutning om ordninga, seier Skulberg.

Ole Nikolai Skulberg

Han minner om at 5000 tonn ikkje er så stort volum gitt at i eksportkvoten på i underkant av 1900 tonn fell vekk, samt at slaktegrisen for tida har låg vekt.

– Hever vi slaktevekta med eitt kilo, utgjer det kring 1000 tonn kjøt i sluttmarknaden, seier Skulberg.

Svak underdekning gir best pris

I ein situasjon utan høve til eksport frå reguleringslager, meiner Skulberg det er ein fordel å ha ein marknadssituasjon med svak underdekning. Det sikrar ein brukbar pris til bonden.

– Den siste koteletten vert forferdeleg dyr, seier Skulberg.

– Korleis trur du Brennpunktfilmen og debattane den siste tida vil påverke marknaden?

– Det er svært vanskeleg å vurdere. Vi følgjer nøye med, men har så langt vald å ikkje ta omsyn til det i våre prognoser, seier Skulberg.

Grisen dei neste åra

Gjeldande prognose viser ei underdekning isolert sett for 2019, på 2000 tonn. Direktøren minner om at det framleis er mykje kjøt på reguleringslager og sett under eitt, med høve til auka slaktevekter, avvikling av eksport og ein usikker etterspurnad, er svinemarknaden langt frå stabil.

– Vi er ikkje i ein situasjon kor vi kan friskmelde næringa og sleppe opp bremsene, seier Skulberg.

Han reknar med at effektivitetsauken knytt til genetikken og TN70-purka, vil flate ut og at slaktevektene på sikt kan aukast. Men enn så lenge oppmodar direktøren til å halde fram med dugnad og frivillig reduksjon av produksjonen.

– Slik hadde det vært ein fordel med eit høgare tilslag på utkjøpsordninga, også i Rogaland. Det ville gitt ein større buffer, seier Skulberg.

Endringar i konsesjonsregelverket

I tillegg til utkjøpsordninga, er det venta endringar i konsesjonsregelverket for svin. Forslag til endringar har vore på høyring og ligg til handsaming hjå Landbruksdepartementet. I følgje Skulberg, har departementet ikkje sett ein dato for når denne prosessen skal vere i mål.

 

Stikkord denne saka: