Landbruks– og matminister Olaug Bollestad skilde sauer og snakka varmt om utmarka. Ho vil jobba for å sikra framtidig drift i heiane.

Jane Brit Sande

Klokka har knapt bikka seks om morgonen. Dagslyset lar ennå vente på seg, og sauebøndene er allereie på plass på skiljestasjonen på Kvæven i Sirdal. Bøndene har med seg hjelparar i alle aldrar, gode nistepakkar, og notatark med oversikt over kva dyr dei sende på heia i juni. Tempoet er høgt så snart sauene kjem ned frå Suleskarheia. For dei fleste er denne skiljedagen som alle andre skiljedagar: Sauene kjem. Bånn gass. Dyra skal på tilhengar bak eigen bil eller i dyretransport, og så heim. Kort fortalt.
Men nettopp denne skiljedagen får sauebøndene også besøk av Landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Ho skal kaste glans over alle fordelane bruk av utmarksbeite gir.

– Utmarka er som eit kinderegg, seier ho til Bondevennen.

– Utmarksbeite gir godt fôr, utnyttar ressursane, og opnar opp kulturlandskapet. Og eit ope kulturlandskap skapar andre næringar, til dømes turisme, slår ministeren fast.

Frå fjells til skiljing: Heile 4000 sauer blei sortert inn i dei forskjellege skiljestatsjonane på Kvæven i Sirdal. Dei har beita seg gjennom sommaren i Suleskarheia.

Tar i eit tak: Landbruks- og matminster Olaug Bollestad tar i eit tak under saueskiljinga. Ho vil sjå fleire dyr i utmarka. – Me må nytte dei ressursane som er der, seier ho.

Dynamikk

Sauene kan høyrast i det fjerne. Tru om dei nærmar seg?

– No ser eg dei, ropar ei jente.

Folket tar plass. 40 bønder skal få nærare 4000 sauer ned frå heia denne laurdagen. Portane blir opna, og sirkuset startar. Eit livleg vrimmel av sauer og lam, spente bønder, kjappe blikk og vande bevegelsar. Ein etter ein, får sauene og lamma plass i skiljegardane. Det er et sirleg system.

– 2248, høyrer me nokon ropa.

– Jepp, 2248, den er grei, svarar avkryssaren.

Kan doble bruken av utmarka

Landbruksminister Bollestad er ikkje snauare enn at ho hiv seg med. Med litt instruks frå leiar i Jæren Smalalag, Torbjørn Fjermestad, er ho i gang. Den eine sauen etter den andre kjem på plass.

– Eg har jo gjort dette før, seier ho.

Statsråd Bollestad vil ha fleire dyr på beita.

– Me kan potensielt dobla talet på dyr i utmarka. Så mykje står unytta. Me må nytta dei ressursane som er der, og så må me heller nytte dei beste områda til anna produksjon, seier ho.

Bollestad er ikkje i tvil om at det er viktig for storsamfunnet å ha beitedyr på fjell og i hei.

– Skal hyttefolket her i Sirdal på ski om vinteren, må det vere beitedyr i heia om sommaren, seier ho.

Ministeren vil vere med og sikra framtidig drift i heiane.

– Men bøndene må vere med, dei òg. Jordbruksavtalen er eit viktig verktøy, og tilskot på til beite er eit viktig tiltak frå styresmaktene si side. Det same er dialog. Sirdalsdagane er eit godt døme på ein arena der ein kan få opplevingar og kunnskap som viser betydinga av beitedrift, seier Bollestad.

– Betinga optimistiske

I fjor var det 5000 sauer på beite i Suleskarheia, medan det i år «berre» er 4000.

– Grunnen til dette er at det er nokre bønder som har gitt seg med sau, seier Torbjørn Fjermestad, leiar i Jæren Smalalag.

At talet på sauer i heia peiker stødig nedover, uroar, men det er likevel lys i enden av tunnelen.

– Det er svært positivt at myndighetene har intensjonar om å auke utmarksbruken. Det er viktig å få tilgang til nye beiteområde, og meir utnytting av ressursane, seier Fjermestad.

Han erkjenner at det er ei bekymring at mange bønder som driv med heiadrift er av den eldre garde.

– Me må passe på nye generasjonar, og få dei med i heia. Samstundes har me nokre yngre bønder som driv som heiesjefen, og det er svært positivt.

– Det har vore nokre tøffe år med overproduksjon og låge prisar. Korleis er stemninga i Jæren Smalalag no?

– Me er betinga optimistiske, og heng ikkje med hovudet. Men det er alfa-omega at folk et produkta våre – heile året, seier Fjermestad.

Heiderspris til Stian Espedal

Ein audmjuk og stolt Stian Espedal fekk tildelt Rogaland landbruk sin heiderspris for 2019 under saueskiljinga på Kvæven i Sirdal førre helg.
Nortura-rådgivar og saueentusiast Espedal er godt kjend for dei aller fleste av Bondevennen sine lesarar. Han er blant anna mannen bak mange kurs i saueklipping, slakting, og skjering, og han har eit brennande engasjement for sauen, bonden og næringa. Espedal er truleg den einaste lokallagsleiaren i Sau & Geit som ikkje har eigne sauer.

– Han driv ikkje eigen gard, men bør nok likevel bli sett på som ein «forrektige » bonde, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som delte ut prisen.

Profilerer landbruket

I juryen si grunngjeving står det blant anna at Stian Espedal har profilert landbruket på ein god måte og arbeidd for ei vidareutvikling av bygdene og kulturlandskapet i Rogaland.

– Sauen er naturen sin eigen superhelt. Den gjer utmarka om til mat, sa ein rørt Espedal då han fekk tildelt prisen.

Det er styret i Rogaland Landbruksselskap som bestemmer kven som skal vinna prisen. Styret består av Rogaland Bonde- og småbrukarlag, Rogaland Bondelag, Rogaland fylkeskommune, Landbruksråd Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland.

Stikkord denne saka: , , ,