lam

Endleg er tida komen for at sauene kan finne vegen frå innmarksbeite til heia. (Illustrasjonsfoto: Jofrid Åsland.)

 

Store mengder snø i heia har bremsa beitande sau, men no er sauene på veg til heiabeite.

 

Jofrid Åsland

 

– Det vert utruleg seint dette året. Me har vore opp å kikka kvar helg, og sender ikkje sauene opp før 3. juli, fortel bonde og leiar av Jæren Samlalag, Asbjørn Haga.

Han sender sauene sine til heis i Langeidsheia i Setesdal, og fortel at situasjonen er noko betre i heiane lenger sør.

Haga var ein tur å kikka i heia sist helg, med ski på føtene.

– Det er klart me kunne ha jaga sauene på sønen, men det har vore lite for dyra å ete. Difor har eg utsett heiasendinga så lenge, seier Haga.

– Situasjonen i år er heilt spesielt sjeldan. Me har høyrd historier frå dei gamle, som seier at det i 1962 var tilsvarande forhold i heia, legg han til.

 

– No kjem dei første sauene

Karl Martin Matningsdal er heiasjef i Langeidsheia og Hegglandsheia.

– Dei første sauene kjem i dag. Så no er me i gang i år også. Det er herleg, seier Matningsdal på telefon til Bondevennen.

Han har vore i heia sidan 14. juni.

– Du må sjå utviklinga for å tru det. Å vere her og oppleve korleis snøen gradvis forsvinn har vore heilt fantastisk, fortel Matningsdal.

Han fortel at i går var første dag han kunne gå frå hytta til doen utan å trokke på snø,  og at snøen har smelta omlag ein meter.

 

Utfordrande med avbestilling

Matningsdal håper høgare temperaturar no set fart på heiabeite.

Han har opplevd at bønder har takka nei til heiabeite i år, på grunn av at sauene kjem så seint opp i heia. Bøndene har fått ordna seg anna beite nærare garden, og held difor sauene heime.

– Det er ringt når folk har fått seg beite andre stader. Du kan tenke deg at du har bestilt ein traktor, og den tek 14 dagar på å bli klar. Vil du då seie at du ikkje skal ha traktoren?

Matningsdal meiner det er svært viktig å nytte ressursen som ligg i heiabeite. Han opplever at dyra vert friskare, samstundes som dei hindrar attgroing i heiane, og ikkje minst poengterer han miljøet rundt sauen som viktig.

– Heiane er til for å brukast, og ligg der år etter år. Eg vil rette ei stor takk til saueeigarane som har hatt moglegheit til å vente på heiabeite, seier Matningsdal.

Han forstår godt at situasjonen har vore utfrodranden for bøndene med avgrensa tilgang på beite heime. Han har sjølv vore sauebonde, og har gitt frå seg garden til sonen.

–  Det er bare to vegar, det er opp og fram, seier den positive heiasjefen.

 

 

 

 

 

Stikkord denne saka: