Prislappen på obduksjon av lam kan variere frå 200 til 1.800 kroner.

Prislappen på obduksjon av lam kan variere frå 200 til 1.800 kroner.

Prislappen for obduksjon av sau varierer frå 0-3.000 kroner. Den avgjerande faktoren er kven som gjer jobben.

 

Jofrid Åsland

 

Det er Veterinærinstituttet og Norges Veterinærhøgskole som har ansvaret for obduksjon av sau og lam. Dei to deler ansvaret mellom seg.

I sommarmånadane juli og august er det Veterinærinstituttet som har ansvar for obduksjon av sau og lam i området rundt Sandnes. Prisen er då ein annan enn folk er vane med frå Veterinærhøgskolen.

– I perioden der me har undervisning er det gratis, medan det kostar 400 kroner for obduksjon av ei vaksen søye i perioden me ikkje har studentar, seier Snorre Stuen ved Norges Veterinærhøgskole seksjon for småfeforskning i Sandnes.

 

Nyttig til besetningsproblem

Veterinærinstituttet tilbyr obduksjon føljande månadar: juli, august, november, desember og januar.

– Me tek 3.000 kroner for obduksjon av ei vaksen søye, opplyser Kristian Hoel, seksjonsleiar for seksjon for patologi hjå Veterinærinstituttet.

Han fortel at prisen er sett ut frå dei fakstiske kostnadane ved drift av eit laboratorium og analyse. Hoel meiner det vil vere vanskeleg å samanlikne prisane med Veterinærhøgskulen. Han opplyser og at dei får mindre stønad frå landbruksdepartementet enn før.

– Dersom det er snakk om eit besetningsproblem er ikkje 3.000 kroner ein høg pris, meiner Hoel.

 

Prisar hjå Veterinærhøgskulen Seksjon småfe:

(Prisane gjeld i perioden det ikkje er studentar ved skulen. I studentperioden er nesten alle tilbod gratis.)

– Sau/greitt inntil 8 månader og kastefoster: 200 kroner for inntil to lam, 100 kroner for dei øvrige i same innsending.

– Sau/greitt over 8 månader: 400 kroner.

– PCR analyse for toksoplasmose: 250 kroner for inntil to dyr. (Denne prisen gjeld og i studentperioden.)

– Avføringsprøver: 200 kroner for inntil fem dyr, 50 kroner for dei øvrige i same innsending.

Alle prisar er eksklusiv moms.

 

Prisar hjå Veterinærinstituttet:

– Dyr 6 veker til 7 månader: 1.800 kroner for inntil to dyr. (900 kroner per ekstra dyr.)

– Dyr over 7 månader: 3.000 kroner.

– Parasittpakke for sau: 750 kroner for inntil fem dyr.

(- Parasittpakke for geit: 1.300 kroner for inntil fem dyr.)

Pris avheng av prisen hjå analyselaboratorium. I tillegg kjem administrasjonsgebyr på 300 kroner.

Stikkord denne saka: