Faksimile frå Bondevennen 20 – 2014

– Haldningane som kom fram overraska meg, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, om førre vekes svinedokumentar.

Jane Brit Sande

Sommaren 2014 trykte Bondevennen ein tilsynelatande uskyldig førespurnad under på annonseplassen «Frå bonde til bonde». Ei ung kvinne søkte om å få praksis i grisehus. Saman med mannen skulle ho flytte til Rogaland for å satsa på gris. Ein bonde i Rogaland tok kontakt, og sleppte henne inn i fjøset. Ho fekk også koma inn hjå bønder fleire andre stader i landet. Resten av historia kjenner me. Resultatet fekk me sjå i NRK Brennpunkt-dokumentaren «Svineindustriens hemmeligheter» førre veke.

Overraska

– Eg var førebudd på at dokumentaren kom til å visa lovbrot. Men haldningane som kom fram overraska meg, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

– Bøndene som vart filma var veldig klar over at handlingane deira ikkje var lovelege, og fleire av påpeika dette tydeleg, men haldt fram likevel. Dette er haldningar me tar sterk avstand frå, slår ho fast.

I filmen blir det vist praksis som var lovleg tidlegare, men som no er i strid med regelverket. Kastrering utan bedøving, eller smertelindring etterpå, er døme på dette.

– Me ventar at bønder oppdaterer seg, og har kunnskap om og følgjer regelverket, seier Epletveit.

Ho meiner haldningane som kom fram i dokumentaren bør vera eit tankekross for alle bønder.

– Det er skremmande haldningar som kjem fram. Me må alle tenke oss om. Korleis lærer me opp eigen avløysar? Me må drive riktig, og det er også det me må lære frå oss.

Marit Epletveit
Foto: Rogaland Bondelag

Blir betre

Bondelagsleiaren held fram at det har vore ei positiv utvikling i grisenæringa dei siste åra.

– Det har skjedd mykje bra, blant anna etter slaktegriskampanjen, noko både grisebønder og Mattilsynet stadfestar. Til dømes jobbar bøndene for ei raskare avgjersle om dyra bør avlivast, for å sleppe å utsette dei for unødig liding. Erfaring speler nok ei rolle her. I tillegg har det vore arrangert fleire avlivingskurs den siste tida , seier ho.

– Kva vil landbruket gjere no?

– Dyrevelferdsprogrammet for gris er ein naturleg del av vegen vidare for næringa, der hyppigare veterinærbesøk er eit av tiltaka. Me må utøve ein nulltoleranse for dårleg velferd i fjøsa. Næringa kan nok vente seg fleire dokumentasjonskrav for alle dyreslag, seier Epletveit.

Lytta til forbrukaren

Greier landbruket å ta inn over seg haldningsendringane i samfunnet, med tanke på klima, kutt i raudt kjøt, vegetartrendar, osb.?

– Det er krevjande. Endringane går veldig fort, og det kan kjennest som landbruket får skulda for alle klimaproblema, til dømes. Me blir motlause. Samstundes må me hugse på at me produserer mat, noko alle faktisk treng, seier Epletveit.

– Men me kan sjølvsagt bli flinkare til å ta signala, og halde fokus på forbrukaren, både kva dei meiner og kva dei trenger å lære. Me må opne opp næringa, og vise fram produksjonane våre. Me har ein stor informasjonsjobb framføre oss, seier ho.

– Mange husdyrbønder er urolege for at ulike pressgrupper er ute etter dei. Kva tenker du om det?

– Nokre bønder føler litt mykje motstand, både frå folk og grupper i samfunnet og frå føregåande år med dårlege avlingar. Det gir ein lågare motivasjon, og bøndene blir dermed sårare for kritikken.

– Er det, slik filmskaparen påstår, at Bondelager skyv bøndene framføre seg for å oppretthalde «glansbiletet» av husdyrhaldet?

– Me bør bli flinkare til å filme hjå produsentar og vise kvardagen vår, i staden for å vise iscenesette bilete, seier Epletveit.

– Me må visa fram fjøsa oftare enn det me gjer. Det er dilemma med smittefaren, men me må finna måtar som gjer det mogleg, seier ho.

Må vente svekka sal

Epletveit seier at produsentar bør vente seg at dokumentaren får påverknad på kjøtsalet.

– No går me inn i grillsesongen med desse bileta friskt i minnet. Det vil gjere at mange forbrukarar vel noko anna når dei er i butikken. Kor stor påverknaden vil vere, veit me ikkje før til hausten. Det er veldig synd no når grisebøndene endeleg såg ein prisoppgang, seier ho.

Styrker haldningsarbeidet


Betre haldningar: Både Norsvin og Nortura tar grep for å styrka haldningane til bøndene. NRK Brennpunkt-dokumentaren viste lovbrot i fleire fjøs. Grisane i denne bingen har fått eit tau til å leike med, eit førebyggande tiltak mot halebiting. Illustrasjonsfoto: Liv Kristin Sola

Både Norsvin og Nortura skal jobbe med haldningsendringar i næringa.

Korleis avdekke regelbrot, når skjult kamera måtte til for å gjere ein grundigare jobb enn det Mattilsynet har klart? Tor Henrik Jule, styreleiar i Norsvin, meiner det handlar om haldningar.

– Me vil ha ei tydeleg ansvarleggjering av dyrehaldar. Norsvin jobbar med å få til haldningsendringar i næringa, og det er no sett opp ei gruppe som skal jobbe spesifikt med dette.

Jule viser også til at det i 2020, gjennom Dyrehelseforskriften kjem kompetansekrav, i form av kurs om dyrehelse.

– Me i Norsvin vil arbeide for å få påverknad på utforminga av dette kurset til å også gjelde tema som omhandlar haldningar, og at det kan bli ein del av Norsvinskolen, seier Jule.

– I pressemeldinga som Norsvin sendte ut dagen etter dokumentaren seier du at «bønder som ikkje følgjer reglane har ikkje noko i næringa å gjere». Er det fortsatt bønder som ikkje følgjer reglane?

– Det vil koma fram av Mattilsynet sine tilsynsrapportar, og dei må følgja opp regelbrota. Me støtter Mattilsynet i deira tilsynsarbeid.

Ikkje heile næringa

Jule påpeiker at heile næringa ikkje kan skjærast over ein kam.

Tor Henrik Jule
Foto: Norsvin

– Denne filmen dokumenterer ikkje næringa, men lovbrot som har skjedd. At dette kjem fram gir oss høve til å gjere noko med det. Det er me i grunnen glade for, seier han.

Jule får gehør frå Trine Hasvang Vaag, styreleiar i Nortura.

– Det er bra at dei dårlege forholda vart avdekte. Samstundes vil eg understreka at det har skjedd veldig mykje berre dei siste to-tre åra, når det gjeld dyrevelferd. Det blir fortsatt gjort mykje, seier ho.

– Handlar ikkje om økonomi

– Produsentane bak filmen meiner den avdekker eit større systemproblem, med press på volum og lønsemd. Bør me ta denne debatten?

– Denne filmen handlar ikkje om økonomi, svarar Hasvang Vaag.

– Den handlar heller ikkje om for mange dyr i bingen, og så vidare. Filmen handlar om dårlege haldningar, dårleg dyrestell og uakseptable lovbrot.

Styreleiaren held fram at ho meir enn gjerne tar diskusjonen om volumpress, verdien på mat og lønsemd, men ikkje i denne samanhengen.

– Påstandane frå filmprodusentane og Dyrevernalliansen er prega av kva dei meiner i utgangspunktet. Det er ikkje regelverket som er problemet, men reglane må følgast, slår ho fast.

Innfører «Eierløftet»

– Grensene for god dyrevelferd flytter seg. Fokuset er veldig stort, og forbrukarane har også meir kunnskap og meiningar om korleis dyra har det, seier Hasvang Vaag.

 

Trine Hasvang Vaag

– Korleis vil de syta for at produsentane er oppdaterte på endringane?

– Me vil blant anna trappa opp med medlemsmøter, og me innfører noko me kallar «Eierløftet». Det er eit haldningsskapande prosjekt som skal drivast av eigarane.

– Heile næringa må ta dyrevelferd på ytste alvor. Me ønsker å bli sett i korta, og å bli følgt opp. Me meiner det heilt alvorleg at dyra skal ha det bra, seier Hasvang Vaag.

Stikkord denne saka: