Dag Jørun Lønning trur bevisstgjering hjå folk vil gjere jordvern lettare.

Dag Jørun Lønning trur bevisstgjering hjå folk vil gjere jordvern lettare.

Dag Jørund Lønning vil verne matjorda utan slosskamp med ord.

 

Jofrid Åsland

 

– Me ser at det er for lite dialog mellom landbruket og andre aktørar, seier Lønning.

Han meiner bevisstgjering hjå folk vil gjere jordvern lettare. Rektoren ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling (HLB) har mange tankar kring vern av matjorda. Saman med utbyggarar har han stått i spissen for dialogprosjektet Jærsmiå. Det heile starta fordi utbyggarar tok kontakt med eit ønske om å unngå nedbygging av matjord.

­– Det er veldig lite kontakt mellom bymann og bonde. Når desse møter kvarandre oppstår det noko nytt, fortel rektoren.

 

Bærekraft for framtida

Det er ikkje nytt at Rogaland omdisponerer mykje matjord. Lønning meiner det er openbart at ein må gjere noko med saka.

– Utfordringane når det gjeld jordvern er lite areal å ta av og stort folketal. Eg opplever at politikarane er opptekne av jordvern, summerer han.

21. august vert det arrangert eit dialogmøte i Klepp rådhus. Ifølge Lønning e

r det første gong bønder og utbyggarar står saman om eit jordvernprosjekt. Dei skal mellom anna legge fram resultat frå Jærsmiå.

– Prosjektet har vore veldig vellukka så langt, røper Lønning.

Han trur eigarskap er ein viktig nøkkel til suksess. Desto fleire aktørar som deltek i samarbeid og utvikling av planar for jordvern, jo fleire vil kjenne eigarskap til ideen. Rektoren meiner aktørar som kjenner eigarskap til prosjektet vil arbeide hardare for at det skal gjennomførast.

– Me har ein nullvisjon når det gjeld omdisponering av matjord, men må nok tåle at det går eit mål i ny og ne, held han fram.

 

Samlande nettportal

Lønning kjem snart ut med bok om dialog, og portalen; jærportalen.no skal i desse dagar på nett.

– Portalen vil mellom anna innehalde rapportar, planverk og ein jærblogg, røper rektoren.

Tanken er at den splitter nye nettportalen skal samle informasjon kring arealutvikling. Folk flest kan og publisere stoff på portalen, men det må vere i dialogens ande.

– Det finst nok av arenaer der folk slost med ord, me stiller krav om dialog, seier Lønning.

Han trur portalen kan verte mykje besøkt ettersom næringsforeininga, bønder og landbruksorganisasjonar vil vere knytt opp mot jærportalen.

Stikkord denne saka: