Grønt skifte tek tid: Mange små bruk gjer at investeringsevna til ny, fossilfri teknologi ikkje er like stor på Vestlandet, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. – Det er ikkje viljen det står på, seier han. Arkivfoto: Liv Kristin Sola, Bondevennen.

Klimaforhandlingane mellom jordbruket og staten starta i førre veke. – Vestlandsbonden er klar til å bidra. Me driv framtidsretta og bærekraftig alt no, seier Anders Felde, bondelagsleiar i Sogn og Fjordane.

Bothild Å. Nordsletten

Onsdag i førre veke presenterte Bondelaget og Norsk Bonde og Småbrukarlag 30 forslag til klimakutt i næringa. Dimed starta forhandlingane om ei frivillig klimaavtale med staten for alvor. Bondeorganisasjonane avviser kjøtkutt, myrdyrkingsforbod og CO2-avgift, og føreslår heller betre grovfôrkvalitet, kombinert mjølke- og kjøtproduksjon, meir biogassproduksjon og meir fossilfritt drivstoff til maskinparken. Meir forsking og investeringar, blir også etterspurt. Blant faglaga sine representantar i Bondevennen sitt oppland, er haldninga til tiltaka konstruktiv.

– Så langt er det berre oppsider for vestlandsbonden. Det er ikkje viljen det står på, seier Anders Felde.

Han meiner tiltaka er gode både for bondens lønsemd og for klimaet, men nemner samstundes ei utfordring.

– Fordi det er mange, bittesmå bruk her i vest, og fordi me manglar investeringsevna, vil det ta tid å skifte ut maskinparken med nye biogass- eller eldrivne køyretøy.

Felde har stor tru på tiltak for meir drenering.

– Me må få opp mengda og kvaliteten på fôret, både for å få nok til dyra, og for å drive klimasmart. Slik kan me også kutte kraftfôrkostnadar og få opp inntektene.

Må få godskrive kutt

Felde meiner midla til drenering bør dirigerast vestover, då drenering er dobbelt så dyrt i vest, som på Austlandet. Han ønsker også at oppretting av eit Klimafond for landbruket blir tema under forhandlingane.

– Og så er det frykteleg viktig at landbruket får godskrive alle tiltaka i utsleppsrekneskapen.

I dag blir berre fire av 30 tiltak rekna som knytt til jordbruket, medan mange hamnar under transport, eller bygg. Regjeringa må stadfesta at dei kutta som landbruket gjer, blir godskrive, iallfall i ein skuggerekneskap. Elles kan me ikkje notere nedgang i utslepp, seier Felde.

Har trua på biogass

– Eg håpar folk ser at me òg må gjera ein innsats, seier Marit Epletveit, bondelagsleiar i Rogaland.

Ho meiner alle bønder er omstillingsvillige, særleg om tiltaka er lønsame.

– Mange av tiltaka er jo eigentleg berre ei vidareføring av ting me er i gang med, slik som god dyrehelse og tidleg hausting av avlingar.

Epletveit har særleg sansen for satsinga på biogass, noko det er behov for i det husdyrtette fylket.

Marit Epletveit

Kjetil Mehl

Knut Erik Ulltveit

– Det er ingen kvikk fiks, og nett no kostar det meir enn det smakar. Blir det derimot lønsamt å ta metanen ut av gjødsla, vil bonden velja å gjera det. Tiltaket fordrar sjølvsagt stimuli frå styresmaktene.

Ho meiner også det er viktig å hegne om bruken av utmarka.

– At beitebruk blir framheva både som tiltak for karbonlagring, og for albedoeffekten (at beiteområda/lyse overflater sender ein stor del av solstrålane attende til atmosfæren, journ.meld.), er positivt for fylket vårt.

– I kva grad er du uroleg for strenge eller urealistiske tiltak i ei endeleg avtale?

– Me må ta det med det gode. Mange tykkjer det er tullete at me går i forhandlingar, men det er faktisk den moglegheita me har til å vera med å påverke og å få forståing for at det ikkje berre er å legga om. Me treng stimuli og meir kunnskap. Eg tykte det var spanande å lesa om alt me kan gjera, og som ikkje er så krevjande. Eg håpar me klarar det!

Kombiku og større avlingar

Også Knut Erik Ulltveit, leiar i Aust-Agder Bondelag, trur næringa ser i møte tiltaka som er føreslått.

– Tiltaka er jo meint å vera på gardsnivå. Det blir individuelt, kva som må til på det einskilde bruket.

Han meiner satsing på kombikua, utfasing av fossilt drivstoff samt betre plantematerial vil slå godt an i Agder.

Kjetil Mehl, bondelagsleiar i Hordaland, har også trua på biogass. Satsing på kombikua er også noko hordalendingane set pris på, seier han.

– Eg trur framlegga vert godt mottatt av landbruket i fylket. Dei fleste bøndene er innforstått med at me må ta vår del av jobben med å redusera utslepp, så lenge det ikkje er på kostnad av matproduksjonen.

Forhandlingane mellom landbruket og staten skal vera ferdige innan 1. april.

Jordbrukets klimatiltak

Husdyrhald
Auke grovfôrkvalitet og tidleg hausting
Kombinert mjølke- og kjøtproduksjon
Utsleppsreduserande tilsettingsstoff
Avl for mindre metanutslepp frå vom
Betre dyrehelse og fruktbarheit
Lagring og spreiing av husdyrgjødsel
Lagring
Tak på opne gjødsellager og biofiltrasjon av metan
Tilsetting av syre i gjødsellager
Spreiing av husdyrgjødsel
Biogassproduksjon
Biogassproduksjon på garden
Sambehandlingsanlegg for oppgradering av biogass
Betre avlingar
Rådgjeving og utdanning
Drenering
Kalking
Presisjonsgjødsling av mineralgjødsling og kalk
N-gjødsling
Meir bruk av kløver i eng
Drenering mot jordpakking
Utvikling av betre klimatilpassa plantesortar
Jordbrukets CCS* Jordas evne til å ta opp og lagre karbon
Fangvekstar
Karbonlagring i eng-redusert jordbearbeiding
Biokol
Nydyrking av myr (faglaga går i mot dette)
Maskinparken
Innfasing av fossilfri teknologi
Oppvarming
Fossilfri oppvarming av veksthus
Fossilfri korntørke og fjøs
Klimasmart landbruk
Legg til rette for jordbruket som energileverandør
Grøn kjøpekraft
Bioplast
Bygge i tre
Fossilfri drivstoff på køyretøy
Meir norske proteinkjelder

Klimagassutsleppa frå jordbruket

Klimagassutsleppa frå jordbruket var på 4,5 millionar tonn CO2- ekvivalentar i 2017, ned 4,2 prosent sidan 1990. Dei største utsleppa kjem frå storfe og sau. I samarbeid med EU har Noreg forplikta seg til 40 prosent reduksjon i utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030. I sektoren inngår jordbruk, bygg, avfall og transport.

  • I regjeringserklæringa er målet auka til 45 prosent utsleppskutt.
  • Regjeringa krev at jordbruket skal kutte fem millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2021-2030.
Stikkord denne saka:
Share This