BN+

Meir på eigen kjøl: Auka norskdel i fôret og kutt i klimautslepp som følgje, bør bli konsekvensen når norsk mjølkeproduksjon først blir ramma av store kutt, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes. Foto: Liv Kristin Sola


Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes håpar komande kutt i mjølkevolumet vil føra til høgare og betre norskdel i fôret, men nokon sluttdato for soya-importen vil han ikkje setja.


Bothild Å. Nordsletten


Nedskaleringa av 100 millionar liter mjølk som følgje av avviklinga av Jarlsberg-eksporten, vil få store konsekvensar for jordbruket.
Dei komande kutta inneber ein monaleg økonomisk smell for næringa, stadfestar Lars Petter Bartnes. Regjeringa har bestemt at ei utkjøpsordning skal finansierast med omsettingsavgift. Kostnadane på bruka aukar. Det vil treffa gardane hardt, seier bondelagsleiaren.


– Kan det i det heile kome noko godt ut av denne alvorlege stoda?


– Situasjonen er tøff no, men kritiske situasjonar fører ofte til endring. Vi bønder blir no pressa til å tenkje nytt. Det kan vera eit godt bidrag for å legge nye strategiar framover.

Ulike tilpassingar

Bartnes trur mjølkebøndene vil tilpassa seg den nye kvardagen på ulikt vis.


– Nokre vil nok legge om fôringa med eit anna forhold mellom gras og kraftfôr i rasjonen. Det kan tenkjast at nokre går for billegare kraftfôrtypar med lågare styrke. Tilpassing med auka storfekjøtproduksjon er eit spor som vil bli brukt av nokre. Kvar einskild bonde må leggja ein strategi på sitt eige bruk.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.