I elden: Den ferske landbruksministeren Olaug Vervik Bollestad vart utfordra på framlegget om nedlegging av pelsdyrnæringa under eit fullsett Varhaug-møte. Foto: Sjur Håland, Bondevennen

Den ferske landbruksministeren vedgår at ho har mykje å lære om næringa, men har alt planar om å eksportera norsk landbrukskompetanse til land som treng det.

Bothild Å. Nordsletten

– Vaksendåp på høgt nivå – halvdrukning!

Måndag i førre veke. Olaug Vervik Bollestad fleipar. Det er berre minutt før det store landbruksmøtet på Varhaug startar. På andre sida av veggen er hundrevis av bønder i ferd med å benka seg, forventingsfulle til kva den ferske landbruksministeren frå KrF har å seia blant anna om avvikling av pelsdyrnæringa. Spørsmåla om korleis samfylkingen kunne godta ei regjeringserklæring som vil ruinera oppdrettarane i salen, skal snart hagla. Bondevennen får ein prat med Bollestad om både pels, og andre spørsmål, like før elddåpen.

– I talen til KrFs landskonferanse nyleg, sa du: «Landbrukspolitikken blir ein heilt annan med KrF i regjering.» Verkeleg?

– Enn om me ikkje hadde vore i regjering. Det var poenget mitt. Me har fått forhandla fram dei fire pålane me meiner må ligga fast i landbruket, (importvern, samvirkebaserte marknadsordningar, jordbruksforhandlingar, eigedomspolitikk som sikrar den sjølveigande bonden, red. merk.). Det er viktig for oss for å skapa stabilitet og sikkerheit for bøndene. Eg meiner at KrF har ein annan landbrukspolitikk enn det som har vore, og at me har dradd regjeringa til vår side.

– Korleis skal de få til politikken dykkar?

– Det handlar om dialog med landbruket og om å fylle prinsippa i erklæringa. Dei fem siste åra har KrF sete på vippen. Line Henriette Hjemdal og Steinar Reiten har hatt dialog med landbruket og bygd tillit i næringa for å halda på kjernen i landbrukspolitikken.

– Kva saker vil du først ta tak i?

– Me må sjå på både overproduksjon, og på område me kan løfta, som frukt og grønt. Samt på korleis me saman med landbruket kan legge til rette for synergiar, til dømes ved å ta gjødsel frå der ein har for mykje, og bruke den der det trengst. Framom oss ligg det også kjempe klimautfordringar.

– Og sidan me er i misjonsfylket Rogaland: I erklæringa har me ei setning som handlar om at Noreg har stor kompetanse på landbruk. Eg opplever at landbruket er genuint opptatt av å vera med på å bidra i ei verd som slit. Saman med bistandsministeren vil eg nok ha fokus på korleis me kan eksportera kunnskap til dei landa som treng det aller mest. På Balkan, i etterkrigstida, var jærbøndene og Coop med på å bygga opp jordbruksnæringa. Det er klokt og fredsbyggjande.

– I nemnde tale skryt du av at landbruket «gir oss fantastisk mykje god, norsk kvalitetsmat.» Sanninga er vel også at me, trass i overproduksjon, har ei sjølvbergingsgrad på mellom 30-35 prosent. Kva tenkjer du om det?

– Me har overproduksjon på nokre område, og moglegheiter på andre. Me kan godt ha høgare mål enn 35 eller 40 prosent.

– Det står ikkje i erklæringa?

– Nei, men det står samstundes at me ønskjer å auka matproduksjonen i Noreg. Det treng ikkje berre å vera på eit felt, det kan vera på mange felt.

– Du vil ikkje forplikta deg til ein høgare sjølvbergingsprosent, korrigert for kraftfôrimport, til dømes?

– Me ønskjer å ha fokus på auka matproduksjon. Det treng ikkje gjelda berre kraftfôr, det kan òg vera i frukt og grønt. Det går an å tenkja fleire ting på ein gong.

– Stortinget har gjort vedtak om at regjering skal legga fram ei eiga sak om beredskapslagring av korn i 2019. Trengst det?

– Eg er opptatt av å setta meg godt inn i den saka. Me er nøydde til å ha ei lagring og beredskap i eige land. Korleis og kva tid, er eg ikkje klar til å seia noko om, etter seks dagar i stolen.

– Regjeringsplattforma stadfestar importvernet, og seier at de vil ivareta interessene til norsk jordbruk i handelsforhandlingar. Vil importen auke eller minske med Krf i regjering?

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv å auka importen. Me skal verna om norsk produksjon.

– Regjeringa vil forhandla avtalar med landbruksgigantar som Argentina og Brasil. Kva vil de gjera for ikkje å bli påtvinga import av langreist biff?

– Å auka import på kjøt når du har ein grei produksjon sjølv, er korkje klimavenleg eller klokt. Her må me ha to tankar i hovudet på ein gong.

– Du har møtt fleire pelsdyrfamiliar. Mange risikerer konkurs og fortvilar. Dersom regjeringa tek frå dei retten til å driva næringa si – kan du lova dei full erstatning for tapa dei blir påført?

– Høyringsinnspela som kjem no, vil eg verkeleg sjå gjennom. Me må ta dette på alvor. Så ligg det føre eit anslag til kompensasjonssum. Me må sjå på høyringsinnspela før me eventuelt set ein annan sum. Me må sikra at dei pelsdyrbøndene som har satsa, ikkje sit att i ein situasjon der staten har påført dei problem. Som politikar er eg opptatt av at dette må vera anstendig.

– Forstår du at oppdrettarane ikkje opplever prosessen som anstendig?

– Eg forstår deira bekymring. Mange av dei sit jo på store lån og har nye driftsbygningar utan stor avskriving.

– Landbruket har to klimatisk vanskelege sesongar bak seg. Kva vil du seia til bønder som er uroa for fleire slike?

– Ja, det er jo litt skilnad, frå eit erstatningsbeløp på 45-50 millionar kroner og opp til to milliardar i år. Folk forstår at klimautfordringane er formidable. Dette er eit felles ansvar som både næringa sjølv og andre sektorar må ta.

– Til slutt, her me sit på det eingong myrlendte Jæren. Kva meiner du om framlegget til forbod mot nydyrking av myr?

– Eg står jo på regjeringserklæringa, elles hadde eg ikkje sete her. Men eg ser jo at dette er ei utfordring mange plassar. Myra held på vatten lenge, og sug unna vatn lenge. Ho er jo ein god stabilisator i landbruket. Kanskje det kan vera nokre grader av dispensasjon. Eg har ikkje monopol på vitet etter seks dagar i stolen, men eg har lært såpass desse dagane, at her er det mykje kunnskap som me må ta inn.

Stikkord denne saka: