image descriptionMENNESKA HAR I HUNDREVIS av år hatt tradisjon for å sette dyr i bur av ulike årskar. Anten det er som kjæledyr, sirkusdyr, i dyrehagar eller for å produsere pels. Tradisjonen for dyr i fangenskap er lang, mesteparten av dyrehaldet ein kjenner til handlar om restriksjonar i dyra sin fridom. Synet på tradisjonen er stadig i endring. Eit teikn på dette er nye forskrifter og kontrollar frå Mattilsynet, som skal ivareta dyras velferd.

MOT SLUTTEN AV 2014 la eit regjeringsoppnemnd utval fram sitt framtidsforslag for pelsdyrnæringa. Utvalet vart oppnemnd av førre regjering og skulle vurdere alternativa berekraftig utvikling og styrt avvikling. Like før utvalet skulle legge fram sin konklusjon vart den omdiskuterte dokumentaren Pels sendt av NRKs Brennpunkt. Mange av opptaka til filmen har vorte innhenta med skjult kamera av ein ikkje upartisk aktør. Frank Nervik gav seg ut for å vere ein spirande pelsdyrbonde, mens han eigentleg er motstandar av næringa og hadde med seg kamera i skjul. Metoden og omsynet til bøndene som opna dørene sine for Frank Nervik har fått mykje merksemd i media.

DÅ UTVALET LA fram sitt syn, etter eitt års arbeid, røysta fem av medlemmane for berekraftig utvikling, tre røysta for styrt avvikling og eitt medlem tok ikkje stadpunkt til alternativa. I eit intervju med Bondevennen seier Hadle Nevøy: – For min del vurderer eg dyrevelferd uavhengig av kva dyra skal nyttast til. Det betyr at eg stiller dei same krava til dyrevelferd om føremålet er produksjon av pels eller produksjon av mat. Vi kan ikkje kompromisse for dyrevelferd på grunn av at føremålet er matproduksjon. Nevøy var blant dei som stemde for berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Medan Kathrine A. Ryeng, veterinær og havforskar ved universitetet i Tromsø, var blant utvalsmedlemmene som stemde for styrt avvikling. – Driftsforma, med nettingbura, er eit hovudproblem for dyrevelferden. Med nettingbura kan vi ikkje tilfredstille dei arts-spesifikke behova til dyra, fortalde ho om sitt standpunkt til Bondevennen. Mange deler hennar syn. Aktivistar roper høgt i kor. Dei ytrar sinesynspunkt på nettsider, nettsamfunn, i tog gjennom bygatene og mykje meir. Høge røyster krev tomme bur, og avvikling av pelsdyrnæringa. Somme vier store deler av livet sitt til kampen for dyras beste.

EIT ESSENSIELT POENG er at dyra skal ha det godt. Noko utvalet også poengterer i si innstilling. Mykje støy og bilete av skada dyr bør koke ned til spørsmåla: Kva ynskjer samfunnet? Skal det vere lovleg å ha dyr i bur? Skulle svaret vere nei, burde ein ikkje berre forby pelsdyrproduksjon, men også kjæledyr og dyr for underhaldning. Eit argument for avvikling av pelsdyrnæringa er at produksjonen ikkje fører mat på borda, men gir luksusprodukt til rike menneske. Ein kan spørje seg om det gir meir meining å ha eit hamster i bur for at vesle Ole skal ha det gøy. Uansett politisk utfall er det viktig at konklusjonen vert fatta på ein så nøytral grunn som mogleg. Utvalet skal representere akkurat det. Det er kjent at fleire av aktivistane ynskjer å legge ned alt husdyrhald, ikkje berre pelsdyrnæringa. Får desse syna mest plass i debatten kan det vere naturleg å undre seg: Kva produksjon kjem under samfunnets lupe neste gong? Med dette bakteppet kan opne dører krevje sin bonde. Likevel er nok openheit einaste veg til eit opplyst folk. Minstekrav bør vere å ha sett foten innanfor ein pelsdyrfarm, før ein tek til orde for nedlegging.

Jofrid Åsland

 

Stikkord denne saka: