HØYR!

Vil ha ei grense for folketalsvekst

7. oktober 2022

Foto: Jofrid Åsland

Det er ikkje Sola sin jobb å halde hus til «heile» befolkninga.

– Med ei grense for kor mange folk det kan bu i kommunen, kan me få meir føreseieleg arealbruk, som vil gagna landbruket, seier Trond Joa i Sola Bondelag.

Jane Brit Sande

Høyringsfristen for den nye kommuneplanen i Sola kommune på Jæren gjekk ut i slutten av september. Sola Bondelag tar i sitt høyringssvar til orde for ein lågare vekstrate i kommunen. Målet er å redusera presset på allereie pressa matjord.

– Sola har vore ein verstingkommune på nedbygging av matjord i mange år, seier Trond Joa, styremedlem i Sola Bondelag.

– Det startar gjerne med eit byggefelt, så kjem krav om infrastruktur, som barnehagar, sykkelsti, og så vidare.

I kommunen er det lite uproduktiv jord, som fjell og hammar, ifølgje bonden.

– Me har forholdsvis mykje dyrka jord og kulturbeite, og småkupert terreng. Det legg ekstra press på matjorda, seier han.

I høyringssvaret viser lokallaget til at kommunen har hatt ein årleg folketilvekst på kring to prosent, medan nabokommunen Stavanger planlegg for 0,7 prosent.

– Det er ikkje Sola sin jobb å halde hus til «heile» befolkninga, seier Joa.

Bondelaget vil ha ei grense for folketalsvekst i kommunen.

– På den måten kan me få ein meir føreseieleg arealbruk i kommunen, som vil gagna landbruket. Ideelt sett hadde me ikkje hatt meir folkevekst i Sola no, men det er ikkje realistisk, seier Joa.

– Folkeveksten bør heller vere i mindre produktive område, der det er areal som ikkje kan nyttast til matproduksjon, legg han til.

– Er dette ei tydelegare linje frå bondelaget?

– Nei, det er mildt. Me har vore balanserte i høyringssvaret, og har peika på både positivt og forbetringspotensiale. Det er ikkje eit brev der me berre syter og klagar, seier Joa.

Bonden er uroa for korleis krigen i Ukraina og tørka i Europa vil ha påverknad på matforsyninga.

– Heldigvis er me ikkje der at me må velja mellom mat og å bu. Me er godt skåna frå tørkekrisa i Europa elles, og har framleis godt utval i matbutikkane. Me er nok litt mette i Norge, seier han.

– Det er kome tydelege jordvernføringar frå styremaktene. Merkar de endring i Sola?

– Eg håpar at eg kan svara ja på det. Føringane legg press på politikarane, og eg håpar dei vil ta ansvar, seier Joa.

– Kan me snu tankesettet vekk frå dagens vekstparadigme?

– Me kan, men er viljen der, og kva må til?, spør Joa retorisk.

– Eg fryktar at ein hungersnød i Europa er det einaste som kan hjelpa.  

Stikkord denne saka: