Truga: Vipa er ein av dei bakkehekkande fugleartane som er utryddingstruga. Minst ti prosent av jordbruksarealet må setjast av til habitat for å berga utryddingstruga fugleartar, tilrår Norsk Ornitologisk Forening i ein rapport til Miljødirektoratet. Foto: Istock

Ornitologar vil bruke minst ti prosent av jordbruksjorda til fuglehabitat og inviterer til dialog med landbruksnæringa. Bonde Magne Helleland er sterkt kritisk og fryktar ein dialog på ornitologane sine premiss.

Sjur Håland

Kva i all verda skal vi gjera for å ta vare på fuglane som er i ferd med å forsvinna frå kulturlandskapet og samstundes ta vare på eit levedyktig landbruk?
Nedgangen i fuglar i jordbrukslandskapet frå 2000 til 2019 er på 40 prosent. Stadig fleire fugleartar er utryddingstruga og raudlista, stadfestar Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk foreining (NOF).

Eit minimum

I ein bestilt fagrapport til Miljødirektoratet, «Tiltak for bakkehekkende fugler i jordbrukslandskapet», føreslår NOF ei rekke tiltak for å betra bestandssituasjonen for 14 bakkehekkande fuglar.
Rapporten tek også til orde for å setja av minst ti prosent av jordbruksarealet til naturlege og semi-naturlege habitat for hekkande fuglar.

Martin Eggen

– Eigentleg er denne ti-prosenten eit minimum i dei mest intensivt drivne områda i Norge. Her er dei ulike naturelementa i ferd med å forsvinna heilt. I desse områda, som i Vestfold og stadvis på Jæren, er det naudsynt med minimum 10-15 prosent for at i det minste enkelte av dei truga fugleartane skal overleve, seier Eggen til Bondevennen.

Han er, saman med førstekonsulent i NOF, Oddvar Heggøy, ansvarleg for rapporten, som er basert på global faglitteratur og forsking med utgangspunkt i at tredjedelen av jorda si isfrie overflate blir brukt til jordbruk, noko som har påverka naturmangfaldet.

– Nå har vi levert rapporten. Det er nå opp til klima- og miljøstyresmaktene å vekte dei ulike behova og presentere aktuelle tiltak, seier Eggen.

Ikkje kjeppar i hjula

Han understrekar at næringsinteressene er sterke her til lands.

– Eg trur difor ikkje at tiltaka som blir føreslegne i rapporten vil stikke kjeppar i hjula for verken landbruket sine produksjonsmål eller framtidig matforsyning. NOF arbeider for eit levedyktig landbruk over heile landet, der det er plass til både små og store bruk som spelar på lag med naturen.

Eggen presiserer at ti-prosent forslaget i stor grad handlar om å setja av restareal for å auka artsmangfaldet. Dette tiltaket vil svært mange artar profittere på, deriblant dei truga fugleartane.

– Denne arealdisponeringa handlar ikkje om freding eller vern. Eg ser på dette som vinn, vinn for både naturen og landbruket. Det handlar til sjuande og sist om å sikra ei sunn jord med yrande liv under torva, noko som også kjem til nytte for fuglane, slår han fast.

Må kompenserast

Å ta vare på fuglehabitat handlar om kor intensivt dette arealet kan brukast. Eggen meiner det må på plass statlege kompensasjonsordningar som gjer det interessant for bøndene å vera med på å setja av areal til føremålet.

– Ja, eg er fullstendig klar over at bonden er næringsdrivande og må kompenserast dersom ho eller han vil ta vare på restareal som kantsonar, dammar eller liknande for å styrka artsmangfaldet i kulturlandskapet, noko også mange bønder er opptekne av.

Mange stadar i landet har areala endra seg. Areal der det tidlegare var eit rikt fugleliv har gått ut av drift. Andre stadar har arealet blitt meir intensivt drive med færre bønder.

– Dermed kan ein seia at fuglane tapar på to frontar. Dei får mellom anna færre plassar å finne mat, legge egg i reira og å gøyme ungane.

Mykje positivt

– Kva er reaksjonane frå landbruket og styresmaktene etter at de presenterte rapporten?

– Det har vore mykje positive tilbakemeldingar. Dei fleste er samde i at det er behov for eit kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for vidare diskusjon. Vi er klar over at det finst mange meiningar der ute, mellom anna ulikt syn på predatorane si rolle når det gjeld fuglebestanden. Det meste heng saman med korleis landskapet blir utnytta og skjøtta. Vi er opptekne av å få fram at rapporten er forskingsbasert.

– Kva gjer NOF for å skapa forståing hjå bøndene for dykkar syn?

– Vi har felles interesser og ønskjer dialog med landbruket sine faglag kring desse spørsmåla og få fram at dei som ønskjer å bidra til auka naturmangfald må få moglegheit til det, gjennom kompensasjon frå styresmaktene.

– Kvifor er fuglane så viktige?

– Det kunne eg sagt mykje om. Det overordna er at fuglane er indikatorar på korleis det står til med økosystemet vårt. Ein må ikkje gløyme at eit økosystem i balanse også er ein føresetnad for ein god og berekraftig matproduksjon, seier Eggen.

Lite sans for rapporten

Magne Helleland er bynær bonde frå Tjelta i Sola, med eit årelangt engasjement for å ta vare på fuglelivet generelt og vipa spesielt. Forskingsrapporten frå NOF, med ti-prosent forslaget, har han derimot lite sans for.

– I ei ønskjeverd, der me ikkje hadde andre omsyn å ta, kunne tiltaka i NOF sin rapport om bakkehekkande fuglar vore flott for fuglane, men slik er det definitivt ikkje i den verda eg lever i, seier han.

Helleland meiner at NOF sine interesser er i konflikt med både by og land.

– Det kan sjå ut til at det berre er landbruket som skal ofrast her. Kvifor er det slik, spør han, retorisk.

Magne Helleland

Bonden meiner at oppdyrking av restareal i stor grad skjer på grunn av nedbygging og tap av matjord i by-enden. Både ornitologar og andre bur i byar og bustadfelt som ein gong har høyrt til fugleliv og natur, peikar han på.

– Fuglane i kulturlandskapet er her på grunn av landbruket og ikkje på tross av landbruket, seier han.

– Kva er dine alternativ?

– Me må sjå på heile trugselbiletet. At fuglebestandane går tilbake skuldast summen av alle dei negative trendane i samfunnet. Rovdyrpolitikken er éin ting. I tillegg kjem nedbygging av natur som følgje av urbaniseringa og utbygging av infrastruktur.

Helleland meiner naturen blir fortrengt.

– Det blir mindre plass til både folk og fuglar. Medan folk tåler å få mindre plass, er situasjonen for fuglane ein heilt annan. Dette er ein konsekvens av at me har blitt så mange fleire.

Skeptisk til naturforvaltinga

Bonden stiller spørsmål ved naturforvaltinga som har funne stad dei siste tiåra.

– Bøndene har nærast blitt umyndiggjort. Det er byråkratar og såkalla ekspertar som har teke over naturforvaltinga. Den største tilbakegangen av bakkehekkande fugl har vore i perioden etter at forvaltninga vart byråkratisert, etter 1980. Blant resultata er at «alt» utanom minken har blitt freda i yngletida, seier han.

Mange av fiendane til dei bakkehekkande fuglane har blitt totalfreda, medan det er jakttid på andre artar. Helleland minner om korleis naturmangfaldet var for 50 år sidan då landskapet var opnare og det var bøndene som i langt større grad hadde hand om forvaltinga. Då gjekk hønene i tunet medan gjæsene luka i potetåkeren.

– Då var ikkje toleransen for å ha rev luskande rundt dørene særleg stor. Bøndene tok vare på fuglelivet, fjerna skadedyra og fekk gjerne skotpremie attåt, seier han.

Helleland understrekar at bøndene verken vil eller kan begynna å skyta igjen.

– Den tida er forbi, seier han.

NOF sin invitasjon til dialog og samarbeid, takkar ikkje i utgangspunktet bonden ja til.

– Eg er, ut frå eigne erfaringar, stygt redd for at den diskusjonen vil gå på deira premiss og at bøndene sine argument ikkje blir høyrde.

Ikkje norske tilhøve

Forskingsgrunnlaget i NOF-rapporten er mellom anna basert på europeiske tilhøve. Det har lite med norske tilhøve å gjera, meiner Helleland.

– Å trekka erfaringar frå land der 30- 70 prosent av areala er dyrka jord, over til norske forhold der alt, som friluftsinteresser, naturinteresser, landbruk og utbygging, skal skje på eit område som dekker tre prosent av landarealet, er eg mildt sagt forundra over.

Helleland understrekar at han gjerne vil vera med på å finna løysingar til beste for både fuglar og folk.

– Men det er nok ikkje mange bønder som vil samarbeida med NOF med utgangspunkt i denne rapporten, seier han.

Stikkord denne saka: ,