Piggar: Forbod om bruk av piggtråd for å regulera dyrs ferdsel har vore ulovleg sidan 2010. Nå tar Fylkesmannen initiativ til piggtråd-opprydding og håpar å få landbruket med på jobben. Foto: Nono Dimby.

Fylkesmannen i Rogaland ønskjer å fjerna gammal piggtråd frå inn- og utmark. Magnus Søyland meiner ryddetiltaket er godt, men er skeptisk til sjølve piggtrådforbodet.

Sjur Håland

Frå neste år kan delar av SMIL-potten i Rogaland gå til rydding av piggtråd som forsøplar og utgjer ein fare for folk og dyr i kulturlandskapet. SMIL står for spesielle tiltak i kulturlandskapet.

– Ein eventuell kampanje for å rydda opp i gamle eller nyare piggtrådsynder som ligg rundt i naturen vil kunna starta neste år, seier Nono Dimby hjå fylkesmannen i Rogaland si landbruksavdeling.

Ordninga er i planleggingsfasen. Dimby held fram at ein eventuell kampanje vil skje i samarbeid med kommunane og aktørar frå landbruket, som Bondelaget.

Torturreiskap

Forbodet mot bruk av piggtråd vart innført i samband med ny dyrevelferdslov i januar 2010. Mange reagerer på at det ute i naturen framleis ligg eller heng gamle gjerderestar med piggtråd. Piggtråden kan vera reine torturreiskapen for dyr som set seg fast eller får rispa opp skinnet.
Forbodet i dyrevelferdslova gjeld bruk av piggtråd i gjerde for å regulera dyras ferdsel.
Bondevennen har vore i kontakt med Mattilsynet si pressevakt. Der får me opplyst at det kan vera gode grunnar til å sikra eigedomane til dømes mot inntrengarar ved hjelp av piggtråd. Men dei understrekar at gjerdet eller installasjonen skal monterast etter ei risikovurdering og haldast ved like slik at ikkje dyr blir utsett for fare for unødige påkjenningar eller belastingar. Bondevennen får også bekrefta hjå Mattilsynet at det er lov å kjøpa ny piggtråd for å reparera det gamle piggtrådgjerdet – dersom ikkje gjerdet er meint å regulera dyra sin ferdsel, då.

Tjuvar, ikkje dyr

Med andre ord; du har lov til å bruka piggtråd for å halda tjuvar ute frå ein installasjon eller eit område på eigedomen, men du har ikkje lov til å til dømes gjerda rundt hytta med piggtråd for å halda dyra ute. Du har heller ikkje lov til å setja opp eit piggtrådgjerde rundt beitet for å halda dyra inne.

Torunn Knævelsrud er seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet. Ho stadfestar at det frå 2010 ikkje er lov å bruka piggtrådgjerde for å halda dyr inne på eller ute frå eit område.

Pigg over nett: Mange bønder brukar piggtåd over nettet for å hindra storfe i å klemma nettet ned og slik koma over på veg eller jernbanespor. Illustrasjonsbilete frå Bondevennen sitt arkiv.

– Det står også i odelstingsproposisjonen om dyrevelferdslova at om slike gjerder frå før lovforbodet skal haldast ved like, må vedlikehaldet skje med eit anna material enn piggtråd.

Knævelsrud understrekar viktigheita av å retta merksemda mot gamle piggtrådgjerder som ikkje lenger har ein funksjon og som gjerne ligg skjult i vegetasjonen.

– Eit gjerde eller rester av eit gjerde kan skada dyr. Hovudregelen i dyrevelferdslova er at dyr ikkje skal utsetjast for unødige lidingar eller belastningar, minner ho om.

For rydding

Magnus Søyland er bonde og mangeårig beiteentusiast frå Søyland i Gjesdal. Han helsar rydde-initiativet frå Fylkesmannen velkommen.

– Eg er absolutt for at det blir rydda vekk piggtråd og andre gjerderestar som ligg til nedfalls. Det handlar om å hindra at både ville dyr og husdyr set seg fast eller blir skada, seier han.

Sjølve piggtrådforbodet er bonden, med areal som grensar til E39, meir skeptisk til. Sjølv sikrar han nettet med piggtråd under og over.

– Det er langt tryggare for både vegfarande og for dyr å bruka ein piggtråd oppå nettet for å hindra at nettet blir klemd ned av storfe og ein piggtråd nedst for å hindra sauene å vippa nettet opp, meiner han.

Nono Dimby

Magnus Søyland

Alternativet, ein straumtråd over nettet, ser Søyland på som umogleg.

– Sjå føre deg ein irritert turgåar som klipper av tråden. Då kan gjerde-effekten forsvinna over ein kilometer langs hovudfartsåra. Om piggtråden blir klipt, er det snakk om å svekka gjerdet ein meter eller to. Dette argumentet har både eg og andre som grensar til vegen fått gehør for også hjå dei med ansvar for drift og vedlikehald av E39, seier han.

På spørsmål frå Bondevennen om det i dag er sanksjonar dersom folk ikkje overheld forbodet mot bruk av piggtråd frå 2010, understrekar Nono Dimby at oppfylling av lover og føreskrifter frå bonden si side er nøkkelen til å ta i mot produksjons- og avløysartilskot.

– Om eventuelle brot på dyrevelferdslova blir avdekka, kan dette difor gi konsekvensar på utmålinga av produksjonstilskotet.

Stikkord denne saka: