Møte: Det har blitt færre fysiske møteplasser også i landbruket under koronakrisa. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Digitale møte er kostnadssparande, men kan ha sin pris, meiner Håvard Nevland. Han peikar på at bøndene treng sosiale møteplassar.

Sjur Håland

Nettmøte og webbinar. Skype og Teams. Nettbaserte møte har i stor grad erstatta dei sosiale møteplassane siste dryge halvåret. Det gjeld også for landbruket, kor til og med årsmøtet i Norges Bondelag vart gjennomført via nettet i år.

– Å vera tillitsvald før og etter korona blir to forskjellige ting. Eg ser at det ligg potensial for arrangøren i å kutta kostnadar med nettmøte, men det blir aldri det same og det blir aldri så interessant å vera tillitsvald om me ikkje kan møta folk andlet til andlet, seier Håvard Nevland.

Splitta stormøte

Bonden frå Bjerkreim med mange tillitsverv på CV’n held fram at bøndene har behov for sosiale møteplasser. Han meiner Bondelaget har eit særskilt ansvar for å også ivareta bøndene si mentale helse gjennom å i størst mogleg grad gjennomføre fysiske møte– der det er mogleg og i tråd med smittevernreglane.

– Me kan for eksempel splitte opp dei tradisjonelle stormøta med mindre samlingar. Rett og slett for at folk får moglegheit til å koma seg ut, seier han.

– Kvifor er det viktig å få bøndene ut?

– Bøndene har sin arbeidsplass rundt tunet heime. Det er ikkje alle som har flust med treffpunkt utanom. Å kunna møta yrkesbrør eller -systrer ein gong innimellom er svært viktig for trivsel og mental helse, seier han.

Fantastisk enkelt

Bonden ønskjer ikkje å vraka den nye teknologien når koronapandemien ein dag er forbi.

– Det er jo så fantastisk enkelt og billeg, og fungerer godt. Men når det gjeld for eksempel medlemsmøte, har bøndene sine organisasjonar eit stort ansvar for å samla folk fysisk så sant det er mogleg, seier han.

Møta bør gjennomførast

Marit Epletveit er leiar i Rogaland Bondelag. Ho delar Nevland sin uro. Treffpunkta og møteverksemda er redusert for tida, stadfestar ho. Ho seier at lokallagsleiarane har fått mail frå fylkeslaga om korleis ein kan gjennomføra koronavenlege aktiviteter. Nett no er det årsmøtetid for lokallaga.

– Dette er viktige møte, også med omsyn til den sosiale biten. Rogaland Bondelag har vore tydelege på at møta bør gjennomførast så sant det er råd, men at ein må finna eigna møtelokale og følgja smittevernråda.

Blir lite klemming

Sunniva Veen hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland seier at også deira organisasjon er oppteken av problemstillinga.

– Når det gjeld HMS-kursa, blir dei gjennomført både som nettbaserte kurs og som vanlege kurs med fysisk oppmøte, seier ho.

Nok plass og høve til å halda éin meter avstand er viktig.

– Det blir lite klemming, for å seia det slik, men me tenkjer at fysiske møte er viktig både av sosiale omsyn, men også for å sikra at dei som ikkje er aktive nettbrukarar også kan gjennomføra kursa, seier ho.

NLR har alltid vore nøye med å unngå smitte mellom bruka, understrekar Veen.

– Me reiser ut på besøk, men me er sjølvsagt svært nøye med storleiken på gruppene som samlast og å følgja smitteverntiltaka i kjølvatnet av den pågåande koronapandemien, seier ho.

Lov å bry seg

– Du arbeider også med psykisk helse i NLR. Korleis opplever du at bøndene har takla dei nye utfordringane?

– Nokre gir faktisk uttrykk for at dei set pris på at det har blitt rolegare. Dei som gjerne treng nokon å snakka med, derimot, tek ikkje nødvendigvis kontakt med oss, diverre.

Stikkord denne saka: