Vil overvake: Arne Bardalen, spesialrådgjevar i NIBIO, vil ha eit system for overvaking av jordsmonnet, slik at me kan følgja med på korleis ulike typar driftssystem påverkar viktige jordfunksjonar.

Jordvern bør handla om meir enn dekar. Også molda si evne til å halda på karbon, vatn og artsmangfald bør med i rekneskapen, meiner Arne Bardalen, spesialrådgjevar ved Nibio.

Bothild Å. Nordsletten

– Produksjonsgrunnlaget i Noreg vil gradvis svekkast. Det er den beste jorda i dei mest gunstige klimasonane som blir bygd ned. Nydyrking skjer i dei mindre gunstige sonane. Dette er ikkje god jordvernpolitikk, men det blir heller ikkje synleg når vi berre teller dekar, seier Arne Bardalen.

Framfor han, under store lysekruner på ærverdige Vitskapsakademiet i Oslo, sit nokre av verdas fremste jordforskarar. Med utgangspunkt i rapporten «Opportunities for soil sustainability in Europe», eit samarbeid mellom nesten 30 europeiske vitskapsakademi, er dei samla for å kasta lys over framtidas jordforvalting i Noreg.
Bardalen, spesialrådgjevar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi, har lang fartstid i jordbruksforvaltinga og står bak fleire store utgreiingar og rapportar om jordbruk og klima. Han fortel publikum om korleis produktivitetsauken i korn og gras har flata ut i Noreg og at den somme stader går ned. Kan det ha noko med tilstanden i jorda å gjera, spør han retorisk.
Det får me ikkje noko godt svar på, ifølgje Bardalen, før me endrar og utvidar forståinga av omgrepet jordvern.

Eple og pærer

Det er ikkje noko gale å telja dekar som mål på jordvern, presiserer Bardalen til Bondevennen, men omsynet til at jorda har ulike kvalitetar på ulike stader, bør også med i rekneskapen, meiner han.

– Berre å rekna pluss og minus dekar er mangelfullt. Det gir ikkje eit fullstendig bilete av kva produksjonspotensial Noreg tapar. Det er stor skilnad på jordkvaliteteten og klimaet i til dømes Rygge og Vardø, for å ta ytterpunkta. Når ein tel opp talet på dekar som blir omdisponert, så tel likevel kvar dekar likt i statistikken. Det ein måler er eigentleg meir forskjellig enn eple og pærer.

Bardalen utdjuper ved å vise til at dei areala som ligg i klimasonar kor det ikkje er mogleg å produsera planter for direkte konsum, har ein heilt annan ernæringsmessig verdi per dekar. Skal du erstatta kalorimengda frå eit dekar matkveite med gras som vert foredla til kjøt gjennom storfe i ei fjellbygd, treng du kanskje 15-20 dekar for å få same energimengda.

Vil løfta fram jordkvalitet

Spesialrådgjevaren meiner dagens rapportering til Stortinget om jordvernmålet er ufullstendig. Han saknar ei problematisering av dei mange ulike funksjonane som jord har. Først då vil styresmaktene betre sjå koplingane til klima, naturmangfald og til ulike risikofaktorar som undergrev produktiviteten, seier han.

– Me har ikkje eit system for å måla denne utviklinga på, og det er jo svært alvorleg, dersom me behandlar jorda på ein måte som gjer den mindre produktiv, seier Bardalen.

Han viser til at tilføring av stadig meir gjødsel og andre innsatsfaktorar er ein lite berekraftig måte å oppretthalda avlingane på, dersom jordkvaliteten blir svekka grunna til dømes pakking eller mindre innhald av organisk materiale.

– Kor uroa er du over denne utviklinga?

– Den bør iallfall undersøkjast. Me må finna årsakene til at jorda blir mindre produktiv. Eg meiner me bør ha ei overvaking av jordsmonnet, slik at me kan følgja med på korleis ulike typar driftssystem påverkar viktige jordfunksjonar.

Kan starta no

Nokre endringar kan me byrja med raskt, hevdar Bardalen. Som til dømes å skilja mellom klimasonar.

– Det vil fortelja oss ganske mykje om kva dyrkingspotensialet i ulike område er. 55 prosent av jordsmonnet i Noreg er kartlagt. Der kan me differensiera og rapportera ut frå jordkvalitet. Ein stor del jord som blir omdisponert, er av beste kvalitet. Dette er viktig informasjon, og lett å få fram.

I tillegg ønskjer Bardalen eit system som gir oss eit meir heilskapleg bilete av jordtilstand og jordfunksjonar, men han innser at det vil krevja meir forsking, pengar og tid å utvikle.

Tema i tida

Jordvern har kome høgare på dagsorden i det siste. Bardalen har difor trua på at bodskapen hans skal nå fram.

– At politikarane no diskuterer jordvern, gjer at me kanskje kan få på plass eit breiare perspektiv på kva jord er. At det ikkje berre er snakk om areal, men alle funksjonane som jorda har, seier Bardalen.

Som døme nemner han kommunar som slit med flaum etter ekstremvêr. Dersom den lokale jorda har god infiltrasjonsevne, vil meir vatn synke ned i molda. I motsett fall, dersom jorda er skrinn eller pakka – vil meir vatn renna av og utfordra omkringliggjande infrastruktur. Eit anna døme er korleis levande og sunn jord, med rikt mikroliv og høgt innhald av organisk materiale, reduserer behovet for gjødsling. Slik reduserer ein avrenning, som i sin tur gjer det lettare å oppretthalda god vasskvalitet.

– Slike jordfunksjonar har altså tyding for samfunnet utover å vera ein stad der ein produserer mat, understreker Bardalen.

Nytenking på heilag grunn

Jordseminaret denne dagen vart opna av landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). I talen sin kalla ho jord for «heilag grunn» og tok engasjert til orde for nytenking. Ministeren vil bruke jorda som reiskap for å mindre Co2 i atmosfæren, for produktivitet og gode liv. Samstundes er det vel kjent at nye tankar om jord og alternative driftsformer ofte fører til heftig debatt. Skal me koma nokon veg, er bondens perspektiv heilt sentralt, trur Bardalen.

– Eg trur iallfall ikkje at me skal seia til bonden at det han gjer er feil. Heller må me prøva å diskutera korleis bonden opplever jorda, korleis det går med avlingane. Eg veit det er bønder som opplever negativ utvikling. Bondens oppleving bør vera utgangspunktet, kombinert med kunnskapen som finst.

Vinn-vinn

Vinstane ved nytenking er fleire, meiner Bardalen, ikkje minst med tanke på næringa si forplikting til å kutta klimautslepp. Her må jorda si evne til karbonbinding utnyttast.

– Klarar me å gjera det ved å justera drifta, har me oppnådd både å kunne produsera minst like mykje som før, samt å binda meir karbon. I tillegg får næringa utteljing i klimarekneskapen, og ein overheld klimaavtala med staten.

Stikkord denne saka: