Passar på reira: Dette biletet er tatt av vinnaren av konkurransen, Ola Mæle, 10. mai. Les om hans rutinar for å ta vare på vipa. Foto: Ola Mæle

Bønder bryr seg om vipa. Med markeringspinnar, isboksar og trehogst bidreg dei til å trygge den truga fuglen mot maskinar, gjødsel og kråker. Takk for alle bileta og tekstane til Bondevennen sin vipe-konkurranse. Møt dei tre vinnarane!

Bothild Å. Nordsletten

1.PREMIE, 5000 KRONER: OLA MÆLE, ÅRDAL, RYFYLKE

Har «traktorkontroll» på reiret

Ola Mæle, mjølkebonde med fullt påsett og 60 vinterfora sau, har freista å skjerma vipereira sidan han var i 20-åra.

– Dette var kjekt! Eg vil gjerne oppmoda andre om å ta vare på vipa, seier Mæle.

Vinnaren deler gjerne vipe-rutinane sine:

– På dei teigane som ligg nær driftssenteret og våningshuset på garden, går det an å få ei grovpeiling på kor reira er, dersom ein fylgjer med frå for eksempel andre høgda i løa. Så kjører eg, på ein dag med duskregn, ut på teigane i ein liten traktor for å lokalisera reir. I dette veret ligg vipene ekstra «hardt» på egga og er godt synlige i det korte graset. Ved funn av reir set eg opp ein markeringspinne tre-fire meter frå reiret. Då får eg «traktorkontroll» på kor reiret er ved seinare kjøringar. Ved kjøring av husdyrgjødsel legg eg ei bøtte med relativt stor diameter over reiret, når eg kjem til det. Så fjernar eg bøtta med ein gong når gjødslinga her er over, etter mindre enn 30 sekund. Eg sagar òg ned høge tre rundt teigane. Dei er utkikkspunkt for kråke og andre rovfuglar. Det er viktig at vipene lukkast i første hekkeforsøk. Då vert kyllingane store og meir synlige til slåtten, (dei er flygedyktige ved ca. fem vekers alder). I vår har eg oppdaga tre vipereir som eg har redda frå «traktordøden», men eg trur det er lagt eit eller to til etter gjødselkjøringa. Så får ein vona på godt ver utover, alle likar det, også vipekyllingane.

Gode tiltak: Markeringspinnen og bøtta som tryggar reiret under spreiing av husdyrgjødsel, er gode tiltak for å få sikre reiret. Foto: Ola Mæle

2.PREMIE, VILTKAMERA: VILHELM BYBERG, SOLA

Vipe-venn i 60 år!

På vakt: Eit av årets fire vipereir på garden til Vilhelm Byberg. Foto: Vilhelm Byberg

Vilhelm Byberg har til og med tydd til våpen for å verna vipa.

– Då eg som 15-åring i 1954 pløgde for første gong, var måkene vipa sitt største problem. Det seier den snart 80 år gamle pensjonerte, men høgst aktive grønsaksbonden Vilhelm Byberg.

– Måkane flaug rett bak plogen og fekk med seg at reira blei flytta. Nokre reir vart tomme etter kort tid. For å skræma måkane hjalp det med eit skot frå hagla eller ein halv dynamittkubbe. Når eg køyrde lann, dekka eg reira til med isboksar for å trygge egga. I dag er det ikkje måkane, men aukande kråkebestand som er det største problemet, i tillegg til rev, grevling og ravn, seier Byberg.

Ein svolten sivhauk, har han også observert. Bonden har merka tydeleg nedgang i vipebestanden opp gjennom åra, men gjer ennå sitt for å ta vare på fuglen. Han nyttar framleis isboksen under gjødslelspreiing og flyttar reir under pløying og horving. I år har han registrert fire reir på garden. Eit er ruga fram, eit har reven tatt og to er framleis ikkje ruga fram.

– Kor lenge skal du halda på med dette?

– Så lenge eg klarar å stabba på to føter, skal eg gjera mitt for å redda vipa, seier Byberg.

Vilhelm Byberg
Foto: Privat

2.PREMIE, VILTKAMERA: SINDRE ÅRSVOLL, SANDNES

– Det er svært enkelt!

– Eg prøver å ta vare på vipa kvart år, seier mjølkebonden Sindre Årsvoll.

– Eg merker gjerne reirområdet med ein pinne. Så set eg att ein kvadratmeter og gjer jordarbeidinga rundt reiret. Så er det berre å håpe at kråka eller reven ikkje finn ungane når dei klekker ut…

Årsvoll oppmodar andre bønder om også å hjelpa vipa.

– Det er svært enkelt og det plar gå godt. Eg gler meg over å få fram vipereir kvart år. Storspojeungar har eg også klart å få fram, dei to gongene eg har forsøkt. Dei kom på vengjene – reven fekk ikkje tatt dei!

 


Sindre Årsvoll
Foto: Privat

Frisone: Grundig markert vipereir.
Foto: Sindre Årsvoll

Stikkord denne saka: