Siri Meling noterte flittig då ho fekk spørsmål og kommentarar frå dei frammøtte.

Siri Meling noterte flittig då ho fekk spørsmål og kommentarar frå dei frammøtte.

 

– Landbruket ligg Høgres hjarte nær, fridde Siri Meling til forsamlinga. – Det er viktig å hugse at bøndene representerer viktige, sjølvstendige næringsdrivande.

 

Jane Brit Sande

 

Siri Meling, Høgres Stortingsrepresentant i Finanskomiteen var invitert til Landbrukskonferansen i Haugesund for å snakka om framtidas landbruk med ny regjeringsplattform.
– I Norge er det 35.000 gardsbruk med bustad spreidd rundt i landet, som står tomme. Dette er eit bakteppe, og ei utfordring me må ta tak i, påpeika Meling. – Det er viktig at me ser framover, ser kva som er viktig, kva som er oppgåvene og utfordringane, og har ei open og konstruktiv dialog med ei ny regjering som tenkjer nye løysningar, haldt ho fram.

Importvernet

– Avtaleinstituttet i jordbruket og importvernet er viktige pilarar for å sikra norsk landbruk. Når det gjelder importvernet seier me òg at det er viktig å ta omsyn til forbrukaren og matvareindustrien, og at me må sjå på dette med tollsatsar, at det er ei balansegang med tanke på storleik på dei forskjellige elementa her, sa Meling. – Men at importvernet er ei viktig pilar i norsk landbruk ligg til grunn, og avtaleinstituttet i jordbruket skal oppretthaldast, slo ho fast.

Regjeringa sine ynskjer

Siri Meling viste til fleire element Regjeringa vil arbeide med i tida framover. Støttestrukturen skal forenklast, slik at det blir trengs mindre byråkrati for å handtere desse ordningane. Budsjettstøtta skal gjerast meir produksjonsavhengig, og mindre arealavhengig, for å styrke produksjon.
– Dette er tett knyta til matforsyning og matberedskap, argumenterte ho. – Høgre vil med dette tiltaket oppmuntre til ein større produksjon.
Konsesjonar, kvoteordningar og differensiering av tilskotssatsar i jordbruket skal vurderast.
– Maksimalgrenser for kvoter er noko av det Regjeringa har sagt at er det fyrste dei vil gå gjennom. Det ligg sannsynlegvis høve til å auke produksjon, utan å auka investeringar, på ein del bruk, og då vil dette vere ei lønsam tilpassing, sa Meling.
Jordbruket skal gjerast mindre avhengig av statlege overføringar, jordbruket sitt kostnadsnivå skal reduserast og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. I tillegg skal det brukast målretta skatteendringar for å styrka bonden si økonomiske stilling. Eigedomsretten skal styrkast ved å gi større råderett over eigen eigedom ved å oppheva konsesjonslova, buplikta, delingsforbod og priskontroll.
– Å leige jord er ikkje det same som å eige jord, sa Meling. – Å leige jord blir det same som å leige ein bil; du vaskar ikkje bilen før du leverer den tilbake, samanlikna ho. – Det er viktig for Regjeringa å oppmuntra til å eige, i staden for å leige, og legge forholda til rette for dette.
– Eg synast det er underleg med motstanden mot å fjerna priskontrollen. Eg veit ikkje om ei anna næring som er så tilsynelatande redd for å sleppe til kapitalkrefter, som i landbruket. Andre næringar ynskjer kapital velkommen, fordi kapital ofte betyr utvikling, forsking, og så vidare, sa Meling. – Det blir spanande å sjå kva Regjeringa bestemmer seg for å gjere med priskontrollordninga, meddelte ho.
Praktiseringa og effekten av driveplikta skal utgreiast, og ei oppheving skal vurderast.
– Personleg meiner eg driveplikten er viktig å oppretthalde, viss ein fjernar dette med priskontroll og så vidare. Då vil kanskje driveplikta bli det som eigentleg er det viktige, og det viktige er at eigedomane blir drevet vidare i landbruksaugemed, meinte Meling. – Men dette er ei vurdering Regjeringa skal ta.

Engasjement i salen

Nydyrking, dieselavgift, importvern, tolltidspunkt, matberedskap, jordvern, subsidiering, kommunesamanslåing, og rekruttering i landbruket, var stikkord blant spørsmåla og kommentarane frå salen.
– Er det slik at Regjeringa ser føre seg å fjerna toll og tolltidspunkta, eller vil den bestå som i dag, eller gjerast betre, spurte Tom Tvedt, gruppeleiar i Arbeiderpartiets fylkestingsgruppe i Rogaland
– Det å tenke at alle tollsatsar og tiltak for tollvernet skal vere likt som i dag til evig tid er ikkje realistisk. Men at importvernet er ein av dei viktige grunnpilarane for landbruket er viktig å halde fast ved, haldt Meling fram.
– Landbruket er den viktigaste sysselsettinga i Suldal kommune. Eg har ei kjensle av at distriktslandbruket blir nedprioritert i Regjeringa du no representerer. Korleis ser du føre deg at distriktslandbruket skal oppretthaldast, eller styrka gjennom denne politikken? spurte Torkel Myklebust, frå Suldal kommune.
– Det er arbeida mot fleire forskjellige mål for landbrukspolitikken, og dette kan gjere at det ikkje fungerer som det elles burde ha gjort. Det å retta merksemda mot produksjon, kan bidra til å styrke landbruksnæringa. Ein av ambisjonane er å gjere landbruket meir levedyktig, svarte Meling.
– Ei stor utfordring me får i tida framover, som spesielt unge mjølkeprodusentar er bekymra for, er kravet om lausdriftfjøs frå 2024. Dette betyr at fleire må gjere store investeringar i tida framover i denne omlegginga, kommenterte Heidi Skifjell, dagleg leiar, Ryfylke Næringshage.
– Det er klart at dette vedtaket kan by på utfordringar for dei som ikkje allereie har bygd nytt fjøs, eller bygd om dei gamle. Eg skal ta med meg innspelet i forhold til behova knyta til finansiering, og eg går utifrå at Listhaug og dei andre politikarane er klar over dette, svarte Siri Meling.

Stikkord denne saka: