BN+

Ekte vare på beite: Mjølkebøndene er inspirerte av siderprodusentane si suksess-satsing. Med mjølk frå kyr i Øystese, blir det laga lokal steikeost. Torkel Hovland er ystar, Cato H. Kjosås styreleiar og Gøril Kjosås tek seg av marknadsføringa av den nye Eldosten.


Då Tine la ned meieriet i Øystese, starta driftige bønder sitt eige bygdeysteri. I sommar lanserte dei Eldost, men satsinga handlar om meir enn berre ost.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Bøndene i Kvam nekta å godta at ein 131 år gamal meieritradisjon skulle vere slutt. Då Tine Meierier la ned kommunen sitt siste meieri i 2019 og flytta produksjonen av kremost frå Øystese til Ørsta, kjøpte lokale bønder meieribygget og etablerte Mathuset i Hardanger AS. I dag husar meieribygget både ysteri, bryggeri, gardsmatbutikk, frukt- og siderlager og matkultursenter. No takkar bøndene samvirket.


– Tine ynskte at bygget skulle kome bøndene til gode, til næringsutvikling tilknytta landbruket. Utan Tine hadde me ikkje fått dette til, understrekar Cato Haaheim Kjosås, styreleiar i Hardanger Bygdeysteri.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,