lam

I sauenæringa er det ikkje uvanleg med kryssingar av forskjellige raser. Har inntrykk av at i denne saka opptrer Norges Bondelag som om dei er ein kryssing med «Listhaug-genet». Det skriv Magnus Tjårland.

Eg har drive med sau heile mitt yrkesaktive liv, både i gode og dårlege tider for sauen.

Eg har nå vore aktiv medlem i NB (Norges Bondelag) i snart 50 år, så eg tykkjer det er veldig skuffande og utruleg at min organisasjon NB føreslår til staten at eg, og mange med meg, ikkje skal få utbetalt lammetilskotet for våre lam når karrieren snart er over. Det er fleire grunnar til at folk må gi opp sauehaldet: Alder, helse, problem med rovdyr og andre grunnar. Alle må som kjent gje seg ei gong.

Folk som har hatt same arbeidsplass det meste av livet får gullklokke og vert heidra. Dette er altså takka eg får frå NB. Utruleg!

Me som har arbeida som bonde eit langt liv, veit at mykje av innsatsen ikkje betaler seg fyrste året, men kjem truleg til nytte seinare år. Så det å venta åtte månader på lammetilskotet er ei relativt kort tid. Dei fleste tilskota frå staten kjem på etterskot og vert utbetalt året etter, også til dei som har slutta med gardsdrifta.

Nå når NB går inn for å ta frå dei som sluttar er det mykje å ta av. Dette er moralsk forkasteleg og heilt utan sidestykke i norsk næringsliv.

Eg meiner at alle som har gjort ein jobb, eller produsert eit produkt, har rett på betaling uansett kva tid betalinga skjer. Dette er grunnleggjande i ein rettsstat. NB er, og skal vera, ein demokratisk organisasjon. Eg veit kven som er ansvarlege. Men kva lag eller organisasjon var det som kom med dette (sjuke) forslaget?

Lurer på om NB kunne tenkje seg å innføra same ordningane for sine tilsette når det gjeld opptente feriepengar? Halvering av utbetalinga fyrste året, og ikkje noko til gode når dei sluttar i jobben. Dette ville redusert kostnadane for NB!?

I sauenæringa er det ikkje uvanleg med kryssingar av forskjellige raser. Har inntrykk av at i denne saka opptrer NB som om dei er ein kryssing med «Listhaug-genet».

Då vil eg til slutt få sitera ei setning frå eit dikt til Arnulf Øverland:

«Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv».

 

Magnus Tjåland

 

Stikkord denne saka: