Armar og bein på Stakkestad

Armar og bein på Stakkestad

Dei siste ti åra har Inger Johanne Bligaard og Knut Egil Stakkestad auka produksjonen frå nokre fôringsoksar i heimefjøset, til å telle 60 ammekyr, totalt 174 storfe, 7500 høns og 477 dekar dyrka og overflatedyrka jord, samt beite og skog.

Det evinnelege sporestyret

Det evinnelege sporestyret

Kvifor slit vi stadig med sporar i mjølka og kvifor har vi ikkje fått til eit fôr fritt for sporar, når vi veit så mykje om kva som påverkar sporeinnhaldet?

Bondevennen 9 – 3. mars

Bondevennen 9 – 3. mars

Bondevennen 9

3. mars

På framsida ser du ei strålande blid Inger Johanne Bligaard saman med Knut Egil Stakkestad. Dei driv gard på Stakkestad, i Tysvær kommune på Haugalandet, Rogaland.I lag har dei auka produksjonen frå nokre fôringsoksar i heimefjøset, til å telle 60 ammekyr, totalt 174 storfe, 7500 høns og 477 dekar dyrka og overflatedyrka jord, samt beite og skog. Litt lenger nord, i Sveio kommune, Hordaland, har me vore på besøk hjå Sveio Smalesamdrift. Der er målet ei så frisk besetning, at dei kan velje ut dei beste dyra, i staden for å velje vekk dei sjuke. Pelsdyrbøndene har senka skuldrane og ser framover. På den årlege skinnutstillinga hjå Jæren Pelseri på Grødaland i Hå var det yrande liv og gode lydar førre helg. Tinerådgivar Bjørn Steinar Nesheim meiner grovfôret treng hårete mål, Ingve Dubland reflekterer kring kvifor vi stadig slit med sporar i mjølka, og advokaten skriv om forureining.