Ødhumbla – eit meierieventyr på åtte kvadrat
Eit avslag frå Innovasjon Norge endra kursen for familien Snøan Skoe. Planen om eit stort lausdriftsfjøs vart i staden starten på gardsmjølk frå landets minste meieri.
Eit avslag frå Innovasjon Norge endra kursen for familien Snøan Skoe. Planen om eit stort lausdriftsfjøs vart i staden starten på gardsmjølk frå landets minste meieri.
Eldre gjødsellager kan vera ei tikkande miljøbombe. Nå går Gjesdal Bondelag i spissen for å kartleggja tilstand, heva kompetansen, og hindra uhell før dei skjer.
Uhell og kunnskapsløyse fører framleis til tilfelle der silosaft forureinar vassdrag, meiner Frivillige tiltak i landbruket. Og manar igjen bøndene til aktsemd.
Hjå Marit og Ove Byberg er salet av juletre halvert frå toppåra for ein del år sidan. Men salet av kransar, gravlegg og pynt av pil held, saman med kursaktiviteten, julegleda og omsetnaden oppe.
60 unge fjellbønder var samla på Voss førre helg, til fag og gardsbesøk, men viktigast av alt – nettverk.
Grunneigar-guts gav siger i gjerdesaka mot Bane NOR. Men talsperson for grunneigarane, Bernt Terje Høyland, er hard i dommen over forsikringsselskapa og rettstryggleiken for meinigmann.
BV nr 21 – 5. desember 2025
Tine sin velferdsindikator viser at velferda for kalv går i feil retning. Veterinær Kay Arne Aarset har ei variert liste med tips og tiltak som vil betre starten på livet til dei minste i fjøset.