HØYR!

Blir oppdatert på Agrovisjon

19. oktober 2019

På landbruksmessene får eg tilgang til aller siste nytt

Skal du på Agrovisjon, er sjansen ganske stor for at du vil treffa Gaute Ødemotland frå Nærbø.

Sjur Håland

besøkja landbruksmesser høyrer med til kvardagens krydder for 25-åringen, som nærast er oppvaksen i eit fjøs. Gjennom arbeidet i Hå Avløysarlag, som landbruksvikar i Hå, har han sett og prøvekjørt det meste. Men han er svolten på å både sjå og å læra meir. Landbruksmesser er kjekt, anten dei er innafor eller utanfor landets grenser.

– Eg veit nå ikkje om eg høyrer til dei mest ivrige, men eg har vore på Agromek i Herning, på Agroteknikk i Lillestrøm og på Agritechnica i Hannover i Tyskland, seier han.

Dyrsku’n i Seljord, er utstillinga han må ha med seg kvart år.

– Den er skikkeleg gild. Eg reiser alltid til Seljord. Dyrsku’n vil eg absolutt ikkje gå glipp av.

– Kva med Agrovisjon?

– Der skal eg sjølvsagt. For å sjå siste nytt, men kanskje aller mest for å koma meg ut, vera sosial og treffa folk med dei same interessene for landbruk som eg har.

Ødemotland driv ein liten maskinstasjon i tillegg til arbeidet i avløysarlaget. Han har utstyr for både steinhenting og grashausting, som han køyrer rundt med i sesongen.

– Om eg går med planar om å kjøpa ein ny reiskap, er det ekstra interessant å besøka ei landbruksmesse. Det blir meir effektivt og lettare å få oversikt over modellar og utval enn om eg skulle reist frå forhandlar til forhandlar, seier han.

– Noko du må ha med deg når du er på utstillingsområdet?

– Eg har nok blitt meir vaksen, det er ikkje like mykje traktor og maskinar som fangar merksemda som før. Nå er eg meir interessert i husdyrbygg og innandørs mekanisering. Også husdyrfag med tema som avl og genetikk har blitt meir interessant med åra.

Gaute og kona, Åse, har eit håp om å bli bønder med eigen gard nokre år fram i tid.

– Dermed er det aktuelt å plukka med seg idear som kan vera nyttige ved ei framtidig fjøsbygging. Eg vurderer faktisk å begynna å notera gode idear og løysingar i ei eiga bok, slik at eg ikkje gløymer det av etter kvart, seier han.

– Du er svolten på å sjå og læra meir, sjølv om du er landbruksvikar på mange ulike bruk?

– Ja. Det kan gå månadar frå kvar gong eg steller i eit robotfjøs. På landbruksmessene får eg tilgang til aller siste nytt. Dessutan får eg høve til å snakka med folk som har god greie på ting.

Stikkord denne saka: