HØYR!

– Den viktigaste saka på 30 år

23. august 2022 | Dessutan

Når Gryttenrapporten er lagt på bordet, er det for seint å protestera

– Me gjer eit siste forsøk på å få Bondelaget til å ta eigarskap i talgrunnlaget og bonden sin økonomi, seier Bondeopprørar Sven Martin Håland. Opprøret er tilbake.

Jane Brit Sande

I starten av mars melde dei fem bøndene bak #Bondeopprør21 at dei tredde til sides, etter meir enn eit år med intenst arbeid for å få eit talgrunnlag som speglar den økonomiske situasjonen i landbruket.

– Det var ikkje eit tilfeldig ordval, då me sa «tre til sides». Me ville at Bondelaget skulle ta ballen. Me treng å sjå og høyre at dei jobbar offensivt, og at dei er sterke. Men me har heile tida jobba i kulissane, seier Sven Martin Håland, ein av initiativtakarane til opprøret.

I førre veke gjorde Bondeopprøret «come back», noko dei annonserte i den same Facebook-gruppa som gjekk glovarm frå april 2021 til mars 2022. No gløder den igjen.

– Me gjer eit siste forsøk på å få Bondelaget til å ta eigarskap i talgrunnlaget og bonden sin økonomi, seier Håland.

– Gjer det noko med truverdet dykkar, at de først trer til sides, og så kjem på banen att?

– Nei. Me trådde til sides, og er kortvarig på banen igjen, enkelt og greitt, seier Håland.

Grytten-utvalet skal legga fram sin rapport innan 1. oktober.

– Dette er siste sjanse til å påverka. Dei som jobbar med rapporten, treng ei motvekt. Det er me, bøndene og faglaga, som er motvekta. Skal resultatet falla i vår favør, må me gjere jobben. Me kan ikkje vente, det er for passivt og kostbart, seier Håland.

– Alt koker ned til eit spørsmål: Skal det vere lønsamt å investera i landbruket framover? Når Grytten-rapporten er lagt på bordet, er det for seint å protestera. Kva er strategien til faglaga dersom resultatet ikkje er som ønska, spør han retorisk.

– Verda er i krise og unnatakstilstand. Kan de vente meir enn det som kom i årets oppgjer?

– Å, bevares, ja! Bonden er løysinga, ikkje problemet. Dette er rett tid å satsa på bøndene og landbruket. Me kan ikkje seie til politikarane at me aksepterer å ikkje bli prioritert, seier Håland.

– Trur du at Bondeopprøret har ein samlande eller splittande effekt på landbruket?

– Eg håpar me har ein vekkande funksjon. Me vil ikkje skapa splid. Me vil vere ryddige og tydelege. Rette tal og jamstilling er målet. No er landbruket i oppløpet på den viktigaste saka på 30 år, då gjeld det å legga inn spurten, seier Håland.  

Stikkord denne saka: