HØYR!

Forskrifta ikkje haldbar

Det er uhyre viktig at næringa står samla også i denne saka.

Guri Wormdahl trur spørsmål om erstatning for pelsdyrbøndene kjem til å vera ei skikkeleg plage for regjeringspartia heilt fram til stortingsvalet.

Bothild Å. Nordsletten

Norsk pelsdyralslag er svært misnøgde med det politiske handverket som ligg til grunn for den nye forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene.

– Eg vart overraska over korleis regjeringspolitikarar alt same veke som forskrifta låg føre, gjekk ut og sa at den måtte vera ein glipp frå landbruksdepartementet si side, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl.

– Det tykkjer eg er ein sterk indikasjon på at forskrifta ikkje er haldbar.

Fleire politikarar ynskjer å ta erstatningsspørsmålet attende til Stortinget, noko Wormdahl seier det er lite presedens for. Uansett har ho ikkje trua på at Stortinget rekk å handla før jul. Pelsdyralslaget er svært misnøgde med at bokført verdi, og ikkje takst, framleis ligg til grunn for erstatningsutmåling. At departementet har lagt til ei ekstra ordning, slik at bonden må velja anten mellom erstatning ut ifrå bokført verdi eller eit ekstra tispetillegg, gjer den nye forskrifta såpass annleis frå den opphavelege, at den må ut på ny høyring, meiner Pelsdyralslaget.

– Då hadde me fått ei trygging av det prosessuelle rundt saka, seier Wormdahl.

Ho er oppgitt over at dette no ser ut til å bli ei «never ending story».

– Kva no?

– Godt spørsmål. Eg trur iallfall saka kjem til å leva vidare som ei skikkeleg plage for regjeringspartia heilt fram til stortingsvalet. Anten politisk, eller fordi den går til rettssystemet.

Ho skryt av kor uthaldande pelsdyrbøndene er.

– Det er vel ingen i Noreg som trudde at ein så liten gjeng med bønder skulle klare å laga så mykje bråk som dei har gjort. Men det får politikarane skulda seg sjølv for. Dei har gitt oss det eine handlingsrommet etter det andre. Det er me takksame for, sjølv om me sjølvsagt hadde vore meir takksame for å ha fått lov til å driva vidare. Eller i det minste bli handtert som alle andre, etter ekspropriasjonsrettslege prinsipp, når staten skal ta noko frå oss.

– Eg ber instendig om at politikarane som meiner noko i denne saka, finn saman på tvers av partigrensene og følgjer dette opp og lyttar til næringa og bøndene, slik at ingen vedtak slepp gjennom før det har den kvaliteten det bør ha.

Til resten av landbruket har ho følgjande oppmoding:

– Alarm, alarm! Me treng solidaritet, empati, forståing. Det er uhyre viktig at næringa står samla også i denne saka. Det finst ikkje grenser for kor mykje støtte og ressursar både næringa og einskilde pelsdyrbønder treng no.

– I tillegg er dette viktig for heile landbruket. Slik verda ser ut til å utvikla seg, er me ikkje den siste næringa med dyrehald som kjem til å koma under press.

Stikkord denne saka: