HØYR!

Fortvilar over snylting på plastreturordninga

23. april 2021

Enkelte er rett og slett uærlege, det er fortvilande.

Det er ikkje sikkert at miljøgebyret på rundballeplasten er betalt, sjølv om det kan sjå slik ut på fakturaen. – Dette er bedrageri, seier KSL-revisor Martin Haarr.

Sjur Håland

Miljøgebyret på landbruksplast er med på å sikra at meir enn 85 prosent av all landbruksplast her i landet blir levert i retur. Framleis er det for mange aktørar som snyltar på ordninga og importerer landbruksplast utan å betala miljøgebyr, meiner Haarr, som også er konsulent hjå Grønt Punkt Norge.
Han minner om at bøndene sine varemottakarar som meieri, slakteri, Coop og Bama, er medlemmar i Grønt Punkt Norge. Systemet bygger på tillit.

– Varemottakarane er sjølvsagt opptekne av at også bonden er og skal vera ein del av bransjekravet, seier Haarr.

Dei aller fleste grøntprodusentane, som også er storforbrukarar av plast og fiberduk, har i hovudsak dette i orden, men også her finst dei som Haarr omtalar som piratar. Problema er størst når ein kjem til dei som brukar rundballeplast.

– Her er det dessverre ikkje alle aktørane som har reint mjøl i posen.

Miljøgebyret på rundballeplast utgjer for tida 2,80 kroner per kilo. Haarr registrerer at det kan stå på fakturaen til bonden frå ein useriøs aktør at miljøgebyr er inkludert i beløpet. Det stemmer slett ikkje alltid.

– Dersom ein entreprenør eller importør som sel landbruksplast har teke betalt eller har skrive på fakturaen at miljøgebyret er inkludert og det ikkje er rett, kan handlinga definerast som dokumentforfalsking og bedrageri. Dessverre har me sett døme på dette blant anna i Rogaland.

Revisoren, med meir enn tjue år i bransjen, seier at miljøgebyret er ein del av KSL-dokumentasjonen og at bonden får avvik dersom det ikkje er betalt miljøgebyr på emballasjen.

– Difor skal bonden, på same måten som han får ein sprøytejournal saman med fakturaen når han har leigd ugrassprøyting, få rett dokumentasjon på at miljøgebyret er betalt med så og så mykje for x- tal kilo rundballeplast.

Frekkheita har ingen grenser, erfarer Haarr. Han seier det gjennom systemet nå blir arbeidd for å prøva å tetta smutthola som gjer det mogleg å snylta på miljøgebyrordninga.

– Be om ein spesifisert faktura der alt arbeidet og alle kostnadane blir spesifisert. Men sjølv her har me sett juks og bedrag. Enkelte er rett og slett uærlege, det er fortvilande.

– Og førebels slepp dei unna?

– Ja, dessverre. Det er lite anna me kan gjera enn å oppmoda dei det gjeld til å melda seg inn i Grønt Punkt Norge. Der kan dei, som alle seriøse aktørar, deklarera kor mykje plast som er selt og betala gebyr på dette. Det handlar om å ta samfunnsansvar og bidra positivt til landbruket sitt omdømme.  

Stikkord denne saka: