KOMMENTAR:

Frislepp av kvotar er dårleg medisin

12. november 2020

Foto: Istock

Tine manglar mjølk og bøndene står klare til å levere. Somme har håpa – og gambla, på fri-slepp av kvote. Det skjer ikkje. Bøndene må akseptere redusert toll på skummamjølkpulver medan dei sender kyr til slakt. Konsekvensen av frislepp vil bli meir krevjande for Tine å handtere, enn seks veker med import av pulvermjølk.

I fjor på denne tida åtvara Tine om omfattande nedskalering i mjølkevolumet. Meierisamvirket inviterte eigarane til fagsamlingar om korleis klare seg økonomisk i nedgangstider; Jakta på marginane. Slett ikkje vekkasta kunnskap, må ein tru, sjølv om bøndene i dag opplever eit forholdstal som er om lag ti prosent høgare enn dei vart førespegla for eit år sidan.

Men sjølv ikkje meierigiganten Tine kunne sjå føre seg ein verdsomspennande pandemi. Ikkje ein gong dei mest optimistiske ville trudd at Ola og Kari skulle kjøpe meir mjølk i år enn i fjor. Noko som faktisk er ein gladsak for næringa. Og bøndene har svart på oppmodinga om å auke produksjonen.

Likevel har meierisamvirket tappa alle lager, inkludert lageret av skummamjølkpulver. I periodar har lageret av skummamjølkpulver skapt hovudbry for Tine. No er det tomt og Tine har bedt Landbruksdirektoratet om redusert tollsats på import av skummamjølkpulver. Det er første gong sidan det tollbaserte importvernet vart innført for 25 år sidan.

Samstundes sender bøndene friske og produktive kyr til slakt for å unngå ei høg overproduksjonsavgift i julestria. Frustrerande? Sjølvsagt. Kritisk? Neppe. Men naudsynt? Absolutt. For å tru at frislepp av kvotar i haust er rett medisin mot nedsett toll på skummamjølkpulver er som å pisse i buksa og håpe varmen held seg fram til jul. Det skjer ikkje. Skummamjølkpulver er den minst lønsame produksjonen for meierisamvirket. Med tomme lager og behov for mjølk, er det ikkje mjølkepulver som står øvst på prioriteringslista for meieriindustrien rundt om i landet. Over heile landet, altså ikkje berre på Vestlandet, står det no i haust kalvtunge kyr og kviger klare til å fylle gardstank og meieri med mjølk.

Det er ein grunn til at mjølkeprisen faller dramatisk om hausten og vinteren. Å opne alle kranar no vil føre til at bøndene sitt eige meieriselskap flyt over av mjølk fram mot jul og langt inn på nyåret. Frislepp er altså svært dårleg medisin.

Tine har plikt til å ta imot all mjølk som bøndene produserer. Einaste riset dei har bak spegelen er overproduksjonsavgift. Bonden må tilpasse seg kvoten for å unngå ein kostbar overproduksjon.

Eit frislepp av kvote vil aldri kunne auke volumet av sommarmjølk. Det er umogleg. Så godt som ingen bønder slaktar ut kyr om sommaren – i alle fall ikkje for å tilpasse seg kvote. Dei fleste produserer det dei er gode for når mjølkeprisen er på topp og det er god plass i fjøset. Likevel har Tine for lite sommarmjølk. Den såkalla sommardumpa heng sjølvsagt saman med mykje haustkalving. I desse dagar flyter mjølka igjen inn på anlegga til Tine. Og meir skal det bli. Lagerbehaldninga vil auke og anlegga går på høggir fram mot jul og langt inn i nyåret.

Bonden, om nokon, veit at ein biologisk produksjon ikkje kan regulerast opp og ned på kort sikt. Kyr i laktasjon kan ikkje permitterast eller lagrast midlertidig. Den skeive mjølkekurva er ei mykje større utfordring enn nokre veker med redusert toll på skummamjølkpulver. Sommardumpa vil bli endå tydelegare når det totale mjølkevolumet går ned.

Tine si medisin er å auke differensieringa på pris. Gapet i mjølkepris mellom tredje og fjerde kvartal aukar. Det skal svi for dei som ikkje vil tilpasse seg fellesskapet. Men handlar dette berre om vilje? Neppe. Spørsmålet er om biverknadane av medisinen er at bønder tilpassar seg eller avviklar. Den store effekten på sommarvolumet ser i alle fall ut til å la vente på seg. Ja, volumet auka i sommar, men det gjorde også forholdstalet. Så kor lenge kan Tine halde fram med å auke doseringa av ein medisin som ikkje ser ut til å ha den ønska effekten?

Redusert toll på mjølkepulver i ein avkorta periode på seks veker er ikkje problemet. Det er eit symptom på ei større utfordring. Får ikkje meierisamvirket skikk på mjølkekurva, kan det ende med redusert toll på heilt andre produkt enn pulvermjølk.

Liv Kristin Sola

Stikkord denne saka: ,