KRONIKK

Frustrasjon over ny gjødselvareforskrift

1. april 2020

Ragnvald Gramstad,
pensjonert seniorrådgjevar, NLR Rogaland

Det har vore snakk om ei ny gjødselvareforskrift i fleire år. Ingen veit noko, men dette heng der over landbruksnæringa som ein trussel for framtidig satsing på garden. Det er sagt mykje og gjort mange faglege konsekvensutgreiingar om i kva grad gjeldande regelverk eventuelt skal justerast opp til høgare arealkrav. Eg trur det nok ein gong er viktig å minna oss om at gjeldande regelverk er kjempebra, men at alle må vera punktlege i praktiseringa av regelverket.
Kva meiner eg så med det? Jo, alle gardbrukarar må retta seg etter gjeldande regelverk i praktisk handling. Husdyrgjødsla er og har alltid vore ein viktig ressurs, brukt på rett måte. Der er rett nok dei fleste flinke til å utnytta husdyrgjødsla i den perioden av året kor plantene kan utnytta desse næringsemna. Dette har også hatt synleg positiv effekt på vasskvaliteten i elver og vassdrag på Jæren.
Kva har ein likevel gjort feil? Jo, faktisk har respekten for verknaden av næringsemna i husdyrgjødsla vore for slett. Det er fortsatt for mange som stadig kjøper heim mineralgjødsel med for mykje fosfor og til dels for mykje nitrogen til sin produksjon. Dette har dei gjort over mange tiår. Det er ikkje underleg at fosfortala i landbruksjorda held høg standard. Det er litt underleg at dette framleis føregår i landbruket vårt.

Heilt konkret

Vanleg blautgjødsel frå storfe inneheld i dag ca. 0,5 kg fosfor/tonn. I høve regelverket kan ein tilføra ca. 3,5 kg fosfor per daa/år, eller om lag seks-sju tonn blautgjødsel. Altså er fosforbehovet til ei god engavling på ca. 1200 kg tørrstoff dekka fullt ut. Dette er optimal resirkulering av fosfor og såkalla balansert gjødsling.
Men i praksis, kva vert ofte gjort? Jo, i praksis vert det i mange høve kjøpt inn ei fosforhaldig mineralgjødsel. Dette kan skuldast mange ting, som pris, usikkerheit og kanskje kunnskapsmangel. «Den hevdå med møje av alt, virka best», kan ein høyra.
Det som då i realiteten skjer er at ein kanskje tilfører både fire og seks kg fosfor/ daa/år. Altså eit fosforoverskot som både gir auka restinnhald i jord, auka fare for større tap til vassdrag, ofte dyrare gjødsling og ingen positiv avlingsauke. Totalt sett dårlegare økonomi og lite klimavennleg.
I dette ligg mykje av årsakene til fortsatt for høge fosfortal i jord og i vassdrag.

Døme på balansert gjødsling

Der er fleire gardbrukarar på Jæren og i Rogaland som berre har nytta husdyrgjødsla etter gjeldande regelverk i over 40 år. Fleire av desse hadde fosfortal i jord på P-AL 8-10 på 1970-talet. 40 år seinare er situasjonen ganske lik. Bøndene på desse bruka har praktisert god agronomi og ikkje kjøpt ekstra fosfor i mineralgjødsel. Avlingane har vore på topp med omsyn til mengde og kvalitet.

Oppfordring

Vi må halda på gjeldande regelverk og i sterkare grad respektera det. Vi må stressa agronomikunnskapane og i fellesskap auka grovfôravlingane, i både mengde og kvalitet. Vi må få slutt på bruk av fosforhaldig mineralgjødsel der det ikkje er fagleg behov. Sjekk næringsinnhaldet i husdyrgjødsla di. Bruk husdyrgjødsla i vekstsesongen. Ta i bruk betre spreieutstyr for meir jamn og optimal spreiing – slange/stripespreiing er eit særs godt alternativ. Bruk oppdatert og revidert gjødselplan.
God agronomi, god jord og større grovfôravlingar vil sikra meir uttak av fosfor frå jord, gi betre økonomi og eit meir klimavennleg landbruk.

Til ettertanke

Det er fantastisk at vi har styresmakter som skal finjustera eit regelverk som fagleg sett er agronomisk bra, medan dei stillteiande kan sjå på avfallsstraumen som går rett i havet frå ei veksande fiskeoppdrettsnæring. Denne gjødselmengda er truleg større enn det vi resirkulerer innafor landbruksareala i landet vårt.

Stikkord denne saka: