HØYR!

Hamskifte for kjøtproduksjonen

Bøndene har ikkje tatt ansvar sjølve

– Kvar bonde må redusere i eigen produksjon, seier bonde Anders Schanche Rettedal.

Jane Brit Sande

Torsdag for to veker sidan fekk Nortura grønt lys av Omsettingsrådet til å selje 1000 tonn ferskt sauekjøt til pelsdyrfôr. Bøndene må sjølve ta rekninga, i form av ein auke i omsettingsavgifta.

– Også eit sviktande sal er med og dreg i feil retning, seier sauebonden på Klostergarden på Mosterøy i Rogaland.

– Eg trur me er i eit hamskifte i Norge når det gjeld kjøtproduksjon. Folk er meir opptekne av miljø, og dyrevernarane får fleire og fleire med seg til å bli vegetarianarar. Dersom me vil halde på det tollvernet me har i dag, må me innsjå at me må produsere det marknaden vil ha.

– Det er trist at menneskemat blir dyrefôr, men samstundes er det på høg tid at det skjer noko. Reguleringslageret har vekse dei siste åra, og bøndene har ikkje tatt ansvar sjølve. Både på gris og sau er løysinga på overproduksjonen veldig enkel, men samstundes vanskeleg: Kvar bonde må redusere i eigen produksjon, seier Rettedal.

Han og kona har sjølv redusert produksjonen med 120 vinterfôra sidan 2015. Årets slaktesesong kom i gang i veke 32, men dei har fortsatt kring 300 lam som skal sendast til slakteriet i løpet av dei kommande vekene.

– Grovt rekna blir utbetalinga for desse lamma opp mot 10 000 kroner mindre på grunn av den auka omsettingsavgifta, seier Rettedal.

– Er det riktig at sauebøndene må ta rekninga?

– Korleis skal det elles gjerast? Eg stolar på at marknadsregulator har sett på alle moglegheiter. Det er vanskeleg å sjå ein annan måte. Sinnet mange sauebønder uttrykker er forståeleg, men overproduksjonen er ikkje marknadsregulator sitt ansvar aleine. Tilførselsveksten har vore for høg. I tillegg er dei norske prisane for høge for eksportmarknaden. Når då marknadsregulator oppmodar til reduksjon, men bøndene ikkje gjer det, begynner det å bli tomt i verktøykassa, seier Rettedal.

Fleire sauebønder har redusert produksjonen, men ikkje mange nok. Det kan det vere mange grunnar til, meiner bonden.

– Dei siste åra er det gjort store investeringar i næringa, og då er bønder i ein pressa stilling økonomisk. Og viss ikkje naboen reduserer, kvifor skal ein då gjere det sjølv? Det er fullt forståeleg. Det ligg i sjela til sauebonden at me produserer eit reint produkt, basert på naturen sine ressursar. Kvifor skal me då redusere, spør Rettedal, og svarer sjølv:

– Me må ta innover oss at marknaden er metta. Det er meir enn nok lam og sau enn det butikkane vil ha. Me er prisgitt butikkane sin vilje til å ta inn produkta. Som bedriftseigar skjøner eg at dei ikkje vil ta inn noko dei ikkje får selt, seier han.

– Det bognar over av sau og lam og gris. Kan me eigentleg ete meir?

Stikkord denne saka: