HØYR!

Heilt perfekt!

Foto: Privat

Om du har gjeld over to millionar er tiltaket uinteressant

Smågrisprodusent Knut Haugland er stornøgd med Omsetningsrådet si avgjerd om utkjøp av purker.

Bothild Å. Nordsletten

– Heilt perfekt, eg har veldig trua på dette. Bondelaget og Nortura har gjort ein svært god jobb. Dette blir ei nullstilling av overproduksjonen. Me får også etter kvart fleire moglegheiter til å regulera smågrisproduksjonen. Det har me aldri hatt før, seier smågrisprodusent frå Bø i Telemark, om Omsetningsrådet sitt tiltak, som vart kjent i førre veke.

– Utkjøpssummen kunne vore høgare, meiner Haugland.

– Men det viktigaste er at me no får sjansen til å kjøpa ut produsentar, som uansett skulle slutta. Med ei ny og svært effektiv purke, og utan reguleringsmoglegheit på smågris, har me kome i ein vanvitig vanskeleg situasjon. Heile norsk svinenæring er i ferd med å gå utfor stupet. Det måtte gå galt ein dag, så lenge purketalet ikkje blir regulert ned i takt med effektivitetsbetringa. Når salet samstundes blir redusert, så er dette tiltaket heilt naudsynt.

Haugland sjølv kjenner ingen som har tenkt å nytta seg av utkjøpsordninga, og meiner heller ikkje at den er for alle.

– Om du har gjeld over to millionar er tiltaket eigentlig uinteressant. Dette tiltaket er for produsentar med nedbetalte hus. Eg er usikkert på kor mange som slår til. Det er jo ikkje mange som driv med dette i dag, fordi dei ikkje må…

– Ser du ulemper med tiltaket?

– Nei og ja. Det vil alltid vera ulemper. Det er ikkje alle som likar at du skal kjøpe ut mindre besetningar for at dei store, på sikt, skal halda fram. Ein dag blir det jo behov for nye produsentar, og det kan føre til ei sentralisering. Men det nyttar ikkje å tenkja framover på den måten. No er det berekraftig økonomi som gjeld, og det er berre ein måte å gjera det på, og det er å starte med å slakte ut 4000 purker.

Haugland er overtydd om at færre purker vil styrka økonomien i næringa.

– Det er god økonomi i dette utkjøpet, me vil få prisane opp att. 4000 purker tilsvarar 150 000 smågris. Me får eit heilt anna utgangspunkt for å halda svineproduksjonen i balanse att. Så må vektene opp på 83-85-kilo. Det er her den beste økonomien ligg for slakteri og produsent.

– Du er ikkje uroa for at mindre røktarar i distrikta gir seg, og at berre dei store og sentrale bruka held fram?

– Jau, det er ein risiko, ingen tvil om det. Men dette burde me ha tenkt på før me kom i denne stoda. Eg er veldig kritisk til at Norsvin har vore såpass bakpå med å ta tak i dette. Så lenge Nortura ikkje rår over marknadsreguleringstiltak, så er det næringa sjølv som må ta tak. Eg påstår at næringa ikkje har gjort det.

Stikkord denne saka: